Love, Reign O'er Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Love, Reign o'er Me»
Singel av The Who
frå albumet Quadrophenia
B-side «Water»
Utgjeve 23. oktober 1973
Innspelt Mai 1972 i Olympic Studios i London; tilleggsppor spelt inn 8. juni 1973 i «The Kitchen»
Sjanger Rock
Lengd 5:48
Selskap Track/MCA
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Glyn Johns, The Who
The Who-kronologi
«5:15»
(1973)
«Love, Reign o'er Me» «The Real Me»
(1974)

«Love, Reign o'er Me» er ein song av det engelske rockebandet The Who. Han er skriven av gitaristen Pete Townshend og vart 23. oktober 1973 gjeven ut som den andre singelen frå albumet og rockeoperaen Quadrophenia (1973). Han er den siste songen på albumet og har vore eit fast innslag på konsertane deira i årevis. Songen nådde 76. plass på Billboard Hot 100 i USA og 54. plass på Cash Box.[1]

Opphav og innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Love, Reign o'er Me» vart skriven av Pete Townshend. Denne songen og «Is It in My Head?» går tilbake til 1972, og begge var opphavleg meint for eit forkasta sjølvbiografisk album kalla Rock Is Dead—Long Live Rock!, som etterkvart utvikla seg til Quadrophenia.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

«Love, Reign o'er Me» omhandlar hovudrolla i Quadrophenia, Jimmy, som har personlege problem og stel ein båt for å dra ut til ei lita øy. Utan noko å leve for finn han andeleg ro i det kraftige regnet.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

«Love, Reign o'er Me» vart gjeven ut som singel, ei noko kortare utgåve enn albumutgåva. B-sida til singelen var songen «Water». Songen nådde 76. plass på Billboard Hot 100. Utanom USA vart singelen berre gjeven ut i Belgia og Nederland.

Vokalen til Roger Daltrey på songen er trekt fram som særleg god. Mark Deming frå Allmusic skriv at Daltrey var på sitt aller beste på Quadrophenia og at «Love, Reign o'er Me» er eit av augneblikka der han verkeleg gjev alt han er god for.[2]

Songen var òg ein del av filmutgåva av Quadrophenia, samt filmmusikkalbumet som følgde. Denne utgåva av songen hadde med ekstra strykarar og er nokre sekund kortare enn på originalen. Songen var inspirasjon for tittelen på filmen Reign Over Me frå 2007 og vart mykje nytta i filmen.

Konsertar[endre | endre wikiteksten]

«Love, Reign o'er Me» vart første gong spelt av The Who på Quadrophenia-turneen deira i 1973 og 1974, men vart etter kvart teken bort. Songen var ein av fire som vart framført av The Who på Live Aid-konserten på Wembley Stadium i London i 1985. Då The Who framførte heile Quadrophenia i 1996 var Pink Floyd-gitarist David Gilmour med på songen. Songen er òg spelt på seinare turnear.

Pearl Jam-utgåva[endre | endre wikiteksten]

«Love, Reign o'er Me»
av Pearl Jam
Utgjeve 23. februar 2007
Innspelt 2006 i Studio X i Seattle og Southern Tracks Recording og Doppler, Atlanta
Sjanger Alternativ rock
Lengd 5:34
Selskap Monkey Wrench
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Brendan O'Brien, Pearl Jam
Pearl Jam-kronologi
«Gone»
(2006)
«Love, Reign o'er Me» «The Fixer»
(2009)

Det amerikanske rockebandet Pearl Jam gav ut ei utgåve av «Love, Reign o'er Me» for filmen Reign Over Me frå 2007,[3] som tok tittelen frå same song. Dette kom til etter at skodespelar Adam Sandler spurte vokalisten Eddie Vedder etter ein Pearl Jam-konsert i Los Angeles i 2006 om dei ville spele inn songen for filmen.[4] Vedder var først tilvande, og ville ha godkjenning frå Daltrey først, noko han fekk.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]