Love Hurts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Love Hurts
Song av The Everly Brothers
frå albumet A Date with The Everly Brothers
Utgjeve 1961
Innspelt Juli 1960
Sjanger Country
Lengd 2:22
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Boudleaux Bryant

«Love Hurts» er ein song skriven av Boudleaux Bryant. Han vart først spelt inn av The Everly Brothers i juli 1960, men vart særs kjend i 1975 då han vart ein internasjonal hit med hardrockbandet Nazareth og med Jim Capaldi same året.

Songen vart introdusert i desember 1960 på albumet A Date with The Everly Brothers, men vart ikkje gjeven ut på singel av dei. Den første hitversjonen av songen hadde Roy Orbison, som fekk songen spelt på australsk radio og nådde topp 5 på den australske countrysong-lista i 1961. Ei innspeling av Emmylou Harris og Gram Parsons vart gjeven ut på det posthume albumet til Parsons, Grievous Angel. Etter Parsons døydde i 1973 brukte Harris å spele songen fast på konsertane sine. Harris har sidan spelt inn songen to gonger.

Den mest suksessrike innspelinga av songen vart gjort av hardrockbandet Nazareth, som nådde topp 10 med songen i USA i 1975 og toppen av singellistene i Noreg og Nederland. I Storbritannia vart den mest suksessrike versjonen av songen spelt inn av det tidlegare Traffic-medlemmet Jim Capaldi, som nådde fjerdeplassen på singellista der i november 1975. Songen vart òg spelt av Cher i 1975 for albumet Stars. Cher spelte inn songen på ny i 1991 for albumet hennar med same namn. Rod Stewart spelte inn songen i 2006 for albumet Still the Same... Great Rock Classics of Our Time som låg på toppen av albumlista Billboard 200.

Roy Orbison-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Roy Orbison spelte inn «Love Hurts» i 1961 og gav han ut som B-side til «Running Scared». Medan «Running Scared» var ein internasjonal hit, vart B-sida berre stor i Australia. Derfor står singelen oppført som ei dobbel A-side i Australia i lag med «Running Scared». Begge sidene nådde femteplassen på lista der. Dette gjer innspelinga til Orbison den første hitversjonen av songen.

Liste (1961) Plassering
Australia 5

Jim Capaldi-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Love Hurts
av Jim Capaldi
frå albumet Short Cut Draw Blood
B-side «Sugar Honey»
Utgjeve 1975
Innspelt 1975
Sjanger Rock
Lengd 3:30
Selskap Island
Låtskrivar(ar) Boudleaux Bryant
Produsent Steve Smith
Jim Capaldi-kronologi
«It's All Up to You»
(1974)
Love Hurts «Goodbye Love»(1976)


Jim Capaldi nådde fjerdeplassen på den britiske singellista med si tolking av «Love Hurts» i november 1975, som var den høgaste singelplasseringa han klarte i karrieren.[1] Denne versjonen vart av Rolling Stone skildra som «å ha ei kjensle av smerte som er særs forskjellig frå Orbison sin versjon»,[2] og singelen nådde òg singellista i USA,[3] Tyskland,[4] og Sverige.[5]

Liste (1975) Plassering
Tyskland 42
Sverige 16
Storbritannia 4
USA 97

Nazareth-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Love Hurts
av Nazareth
frå albumet Hair of the Dog
B-side «Hair of the Dog» (Nord-Amerika), «Down» (Europa)
Utgjeve 1974 (Europa); 1975 (USA)
Innspelt 1974
Sjanger hardrock
Lengd 3:03 (USA), 3:53 (EuropA)
Selskap Mooncrest, A&M (U.S.), Vertigo (Europa)
Låtskrivar(ar) Boudleaux Bryant
Produsent Manny Charlton
Nazareth-kronologi
«This Flight Tonight»
(1973)
Love Hurts «Shanghai'd in Shanghai»
(1974)


Nazareth sin versjon vart framført som ein rockeballade og var den mest populære utgåva av «Love Hurts». Han vart ein hittsingel i USA med ein åttandeplass på Billboard Hot 100 tidleg i 1976. Billboard rangerte songen på 23. plassen for 1976.[6] Som ein del av «Hot Tracks (EP)» nådde han òg 15. plassen i Storbritanna i 1977.[7] Nazareth-versjonen vart ein internasjonal hit og gjekk mellom anna til topps i Canada, Sør-Afrika og Noreg. Nazareth-versjonen var så populær i Noreg at han låg inne på VG-lista, som då berre var ei topp 10-liste i heile 61 veker, inkludert 14 veker på førsteplassen. Dette gjer singelen til den største nokon gong i Noreg.[8]

Ei seinare innspeling av Nazareth med München filharmoniske orkester nådde 89. plassen i Tyskland.

Teksten på songen vart verande uendra fram til Nazareth-versjonen, der linja «love is like a stove/it burns you when it's hot» vart endra til «love is like a flame/it burns you when it's hot». Nazareth-versjonen er nytta i filmane Dazed and Confused, Detroit Rock City, Together, Click og Halloween. Han vart nytta i ein reklamar for Gatorade, Southwest Airlines, Molson, Nissan (for Altima), Zurich og Toyota i Australia.

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Australia 8
Austerrike 11
Belgia 1
Canada 1
Danmark 2
Euro Hit 50 3
Tyskland 30
Nederland 1
New Zealand 4
Noreg 1
Sør-Afrika 1
Sverige 6
Storbrtiannia 15
USA 8

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Sør-Afrika 3
Liste (1976) Plassering
Australia 45
Belgia 10
Canada 14
Nederland 3
U.S. Billboard Hot 100 23

For alle tider[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Noreg[8] 1

Cher-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Love Hurts
av Cher
frå albumet Love Hurts
B-side «One Small Step»
Utgjeve 1991
Innspelt 1991
Sjanger Poprock
Lengd 4:07
Selskap Geffen
Låtskrivar(ar) Boudleaux Bryant
Produsent Richie Zito
Cher-kronologi
«Save Up All Your Tears»
(1991)
Love Hurts «Could've Been You»
(1992)


Cher spelte òg inn songen i 1975, men fekk ikkje ein hitt då. Ho spelte songen inn på ny i 1991 og denne vart ein mindre hit i USA, men igjen slo han til i Noreg.

Liste (1991) Plassering
Noreg 2
Polen 21
UK Singles Chart[9] 43

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Artist Utgjeve Album Merknad
Roy Orbison Mars 1961 Crying (Mai 1962) B-side av «Running Scared»
Phi-Mu Washboard Band 1962 ...Just Because (1962)
Mark Wynter August 1964 A-side
The Liverbirds 1965 Star-Club Show 4 innspeling for debutalbumet.
The Who Konsertar 1965-1967 og 1989
Jimmy Webb 1972 Letters
Gram Parsons og Emmylou Harris 1974 Parsons-albumet Grievous Angel
Nazareth 1975 Hair of the Dog Vart ein stor hit
Cher 1975 Stars Produsert av Jimmy Webb
Jim Capaldi Oktober 1975 Short Cut Draw Blood Nådde 4. plassen i Storbritannia
Grupo Yndio 1976 Herida de Amor Mexicansk gruppe
Jennifer Warnes 1977 Debutalbumet Jennifer Warnes
Journey 1978 Radioshowet King Biscuit Flower Hour
Don McLean 1981 Believers
Elaine Paige 1985 Love Hurts
Nicolette Larson 1988 Shadows of Love
Joan Jett 1990 The Hit List Nådde lista i Ukraina
Bad Romance 1991 Code Of Honor
Cher 1991 Love Hurts Vart ein hit i Europa
Veronique 1991 Jugoslavisk band. Vart ein stor hit i heimlandet.
Kim Carnes 1992 Filmmusikk for Private Lessons II
Paul Young 1993 Best Ballads
Robert Pollard med Kim Deal 1994 Filmmusikk for Love and a .45
Heart 1995 The Road Home Konsert
Corey Hart 1996 Corey Hart
Pat Boone 1997 In a Metal Mood: No More Mr. Nice Guy Coverversjon
Emmylou Harris 1998 Spyboy Eit konsertalbum
Stina Nordenstam 1998 People Are Strange 33 sekundar lang versjon
Little Milton og Lucinda Williams 1999 Welcome to Little Milton
Juice Newton 1999 American Girl
Deacon Blue 1999 Walking Back Home
Smokie 2000 Uncovered
Sally Jones 2001 Love Hurts bluegrass
That '70s Show-besetninga 2002 That '70s Musical, ein episode av That '70s Show
Sinéad O'Connor 2003 She Who Dwells Irsk songar
Robin Gibb 2003 Magnet A modern R & B version which closes this solo album
Lee Kernaghan & Catherine Britt 2003 Electric Rodeo 2 Australian countryartistar[10]
J.C. Lodge 2004 Reggae Country 2 A reggae version of this classic
Keith Richards and Norah Jones 2005 Return to Sin City DVD tribute concert for Gram Parsons.
Éric Goulet under the name «Monsieur Mono" 2005 Pleurer la mer morte French version
Triumph 2005 Livin' for the Weekend: Anthology Triumph covered this back in 1991 however, the spor has only recently surfaced on Livin' for the Weekend: Anthology
Darren Smith Band 2005 Keep the Spirit Alive
Bonnie Bramlett 2006 Roots, Blues, and Jazz
Rod Stewart 2006 Still the Same... Great Rock Classics of our Time
Paul Noonan from Bell X1 and Lisa Hannigan
L.I.N.E. 2008 Dutch band L.I.N.E. covered this song in 2008. It is in 6/8 time, which is quite different from all other known covers.
Jason Donovan 2008 «Let It Be Me»
Leo Sayer 2008 «Singles As & Bs"
Jenny Lewis 2009 På radioprogrammet World Café
Nan Vernon 2009 Halloween 2
Jim Guthrie 2010 Now, More Than Ever (Extended Edition)
Doug Howell 2010 Jimmy & Me - Song Descriptions from a Master
Carrie Rodriguez 2010 We Still Love Our Country Carrie Rodriguez og Ben Kyle
Jann Arden 2011 Uncover Me 2
Melinda Schneider & Beccy Cole 2014 Great Women of Country and the Songs That Made Them Australsk countryartist[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jim Capaldi in the UK charts, The Official Charts. Henta Henta.
  2. Marsh, Dave (11 March 1976). Album reviewWayback Machine (arkivert 30. april 2009)., Rolling Stone.
  3. Jim Capaldi in the Billboard charts, Allmusic. Henta Henta.
  4. «Chartverfolgung / Jim Capaldi / Single». Music Line (på tysk). Tyskland: Media Control Charts. Henta 28. september 2011. 
  5. «Love Hurts» in the Swedish charts, swedishcharts.com. Henta 21. februar 2015.
  6. Billboard Year-End Hot 100 singles of 1976
  7. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 388. ISBN 1-904994-10-5. 
  8. 8,0 8,1 «BEST OF ALL TIME - SINGLES». VG-lista. Hung Medien. Henta 21. februar 2015. 
  9. UK Singles Chart [1] . Henta 31. oktober 2010.
  10. https://www.youtube.com/watch?v=KAF60WECF8c
  11. https://itunes.apple.com/au/album/great-women-country-songs/id916890503

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]