Love Is a Rose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Love Is a Rose
Song av Neil Young
frå albumet Decade
Utgjeve 28. oktober 1977
Innspelt 1974
Sjanger Folkrock
Lengd 2:16
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Neil Young
David Briggs
Tim Mulligan

«Love Is a Rose» er ein song skriven av Neil Young. Han vart først populær i 1975 då Linda Ronstadt fekk ein countryhit med sin versjon. «Love Is a Rose» har òg blitt spelt av andre artistar gjennom åra.

Neil Young-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Neil Young spelte først inn «Love Is a Rose» i 1974 for eit album som då ikkje kom ut, Homegrown. Han vart seinare gjeven ut i 1977 på samlealbumet Decade. Homegrown kom omsider ut i 2020.

Melodien for «Love Is a Rose» var henta frå ein annan song som ikkje var gjeven ut då han vart laga, «Dance Dance Dance», som til slutt kom ut på Live at Massey Hall 1971 i 2007. Det mangeårige bandet til Neil Young, Crazy Horse spelte inn songen med tittelen «Dance, Dance, Dance» i 1971 på albumet deira Crazy Horse og The New Seekers gav han ut på singel i 1972.

Linda Ronstadt-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Love Is a Rose
Singel av Linda Ronstadt
frå albumet Prisoner in Disguise
A-side Love Is a Rose
B-side Heat Wave
Utgjeve 19. august 1975
Sjanger Rock, countryrock
Lengd 2:44
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi
«When Will I Be Loved»
(1975)
Love Is a Rose «Tracks of My Tears»
(1975)


Linda Ronstadt spelte inn «Love Is a Rose» i eit countryarrangement på albumet Prisoner in Disguise i 1975. Utgåva hennar nådde femteplassen på Billboard Country Singles-lista. «Love Is a Rose» gjekk òg inn på «Billboard» Hot 100, men det var B-sida til singelen, «Heat Wave», som vart mest spelt av popradiostasjoanne og denne nådde femteplassen på Billboard-lista. Ronstadt framførte ofte songen på konertane sine i midten av 1970-åra.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 63
U.S. Billboard Hot Country Singles 5
Canadian RPM Top Singles 100
Canadian RPM Country Tracks 46

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]