Love Me av Leiber/Stoller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Love Me» er ein sentimental song skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller og popularisert av Elvis Presley i 1956.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Songen vart laga som ein parodi av countrymusikk. Han vart opphavleg spelt inn av R&B-duoen Willy and Ruth i 1954 (Spark 105), og vart omtalt i Billboard den 14. august. Willie Headen var frontmannen i ei vokalgruppe, The Honey Bears og Ruth var kona til eit anna gruppemedlem.[2] Denne plata vart raskt følgd opp same året med versjonar av Georgia Gibbs, Connie Russell, Billy Eckstine, Kay Brown, The Four Escorts, The Billy Williams Quartet, The Woodside Sisters og The DeMarco Sisters, og i januar 1955 av Jimmie Rodgers Snow. Dei fleste av desse singlane selde bra,[3] men ingen av dei vart ein hit.

Elvis Presley spelte inn songen den 1. september 1956 for det andre albumet sitt, Elvis (RCA Victor, LPM-1382), gjeve ut 19. oktober. Han vart òg gjeven ut på EP-en Elvis Vol. 1 (RCA Victor, EPA-992). Han klatra til andreplassen på Billboard Top 100 i USA, som var første gongen for ein song som ikkje kom frå ein singel. «Love Me» nådde sjuandeplasssen på R&B-lista.[4] «Love Me» vart ikkje gjeve ut på singel for å unngå at salet av Presley sin «Love Me Tender» vart svekka. Presley song «Love Me» den 28. oktober 1956 på Ed Sullivan Show. Elvis song òg songen i 1968 på Comeback Special, og spelte ofte songen på konsertane sine i 1970-åra, mellom anna på den siste turneen hans i juni 1977.[5]

Johnny Burnette spelte inn «Love Me» i 1960 i ein stil som likna på Presley sin, for albumet Dreamin'.[6]

I 1977, berre fem månader før Presley døydde, framførte ein populær Elvis-imitator, Andy Kaufman, denne songen og «Heartbreak Hotel» på The Tonight Show with Johnny Carson.

Ein versjon vart spelt inn av countryartisten Davis Daniel i 1991 på debutalbumet Fighting Fire with Fire.

Det amerikanske countrybandet The Little Willies spelte inn songen i 2006 for albumet The Little Willies.

Ein konsertversjon av songen vart gjeven ut av countrysongaren Billy «Crash» Craddock i 2009 på Live -n- Kickin'.

Songen vart med i musikalen Smokey Joe's Cafe, som ein medley med «Don't».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]