Love Shine a Light

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Love Shine a Light»
Song av Katrina and the Waves

Land Storbritannia
Språk Engelsk
Utgjeve 1997
Sjanger Pop
Lengd 02:52
Selskap Eternal Records[1]
Komponist Kimberley Rew
Tekstforfattar Kimberley Rew
Låtskrivar(ar) Kimberley Rew
Produsent Mike Nocito

«Love Shine a Light» ('kjærleik, skin eit ljos') er ein britisk poplåt som vann Eurovision Song Contest 1997 for Storbritannia. Songen er skriven av Kimberley Rew og blei framført av gruppa Katrina and the Waves, som tidlegare hadde hatt ein verdshit med «Walking on Sunshine» i 1985. Dette var den femte og førebels siste sigeren til Storbritannia i Eurovision Song Contest, og «Love Shine a Light» blei ein stor salssuksess over heile Europa. I Noreg nådde songen ein andreplass på VG-lista; dette var den høgaste plasseringa til ein Eurovision-låt i Noreg på ti år.[2]

Britisk finale[endre | endre wikiteksten]

«Love Shine a Light» blei komponert av gitaristen i Katrina and the Waves, Kimberley Rew, etter at han fekk ein førespurnad om å skrive ein låt til 30-årsjubileet til velgjerdsorganisasjonen Samaritans. Ifølgje vokalisten Katrina Leskanich skal Samaritans ha sagt at «dette er ein song som kjem til å vinne Eurovision Song Contest», og rett før tidsfristen sende gruppa songen til den britiske finalen til Eurovision Song Contest 1997 – Great British Song Contest.[3]

I eit intervju i 2010 stadfesta også produsenten for Great British Song Contest, Jonathan King, at han hadde kontakta Katrina and the Waves for å høyre om dei hadde ein passande song til tevlinga. Frontfiguren Katrina Leskanich skal då ha svart: «Ja, vi har ein song som heiter «Love Shine a Light» som vi aldri har gjeve ut på ei plate. Det er fordi han er for sær, for ABBA, for Eurovision, så han vil vere perfekt for dykk.»[4]

«Love Shine a Light» blei også plukka ut til den britiske tevlinga og kvalifiserte seg til finalen på BBC 9. mars. Der vann «Love Shine a Light» ein klår siger i telefonavrøystinga med nesten 70 000 røyster. Dimed blei songen det britiske bidraget til Eurovision Song Contest i Dublin laurdag 3. mai. I den britiske finalen var komponisten Kimberley Rew med på scena, noko han derimot ikkje var i Eurovision Song Contest.[5]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I Eurovision Song Contest var «Love Shine a Light» det 24. bidraget på scena av 25 bidrag. Katrina and the Waves stilla på scena med to koristar. På førehand var «Love Shine a Light» den store favoritten til å vinne tevlinga, og favoritten innfridde. I avrøystinga tok det britiske bidraget raskt leiinga og hanka inn heile ti 12-poengarar, noko som var rekord. Denne rekorden blei fyrst slegen i 2009, då Alexander Rybak fekk 12 poeng frå 16 land. Til slutt enda «Love Shine a Light» opp med 227 poeng – også det ny rekord i tevlinga. I snitt fekk songen 9,46 poeng frå kvart land, eller 78,8 prosent av den oppnåelege poengsummen. Relativt sett er dette framleis den tredje høgaste poengsummen med det noverande poengsystemet.

Katrina Leskanich kommenterte etter sigeren at Eurovision-sigeren var det andre valskredet denne veka. Med det sikta ho til Tony Blair og valsigeren til Labour i det britiske parlamentsvalet to dagar før Eurovision Song Contest.

Etter sigeren[endre | endre wikiteksten]

Mens andre vinnarlåtar i 1990-åra sleit med å gjere suksess, fekk «Love Shine a Light» stor kommersiell suksess over heile Europa. Songen gjekk inn på singellistene i ei rekkje europeiske land, og i Noreg klatra songen heilt til andreplass på VG-lista. Ikkje sidan Johnny Logan sin «Hold Me Now» i 1987 hadde ein Eurovision-låt nådd så høgt i Noreg. Heime i Storbritannia nådde «Love Shine a Light» ein tredjeplass på singellista.[6]

Tidlegare hadde Katrina and the Waves gjort enorm suksess med «Walking on Sunshine», og dette var den største hiten til gruppa sidan då. Likevel klarte ikkje bandet å dra nytte av suksessen, og i 1999 blei Katrina and the Waves oppløyst. Frontfigur Katrina Leskanich starta sidan i eit nytt band, men har ikkje hatt nokon større suksess sidan.[4]

Leskanich har hatt fleire roller i Eurovision-sfæren sidan sigeren i 1997. I 2005 leia ho jubileumsprogrammet Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest saman med Renārs Kaupers, og ho var jurymedlem i den britiske finalen i 2016.[7]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (1997) Høgaste
plassering
Veker
på lista
Dato for
inntreden
 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[8] 2 13 25. mai 1997
 Danmark (Tjeklisten)[9] 9 5 Veke 20 1997
 Belgia, Flandern (Ultratop)[10] 6 14 24. mai 1997
 Belgia, Vallonia (Ultratop)[11] 28 5 7. juni 1997
 Irland (Irish Singles Chart)[12] 5 8 8. mai 1997
 Nederland (Single Top 100)[13] 6 17 17. mai 1997
 Noreg (VG-lista)[14] 2 12 Veke 20 1997
 Storbritannia (UK Singles Chart)[6] 3 16 23. mai 1997
 Sveits (Schweizer Hitparade)[15] 26 12 15. juni 1997
 Sverige (Sverigetopplistan)[16] 5 18 16. mai 1997
 Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[17] 62 9 26. mai 1997

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Katrina + The Waves* ‎– Love Shine A Light». Discogs.com. Henta 25. februar 2017. 
  2. «VG-lista (søkbar database)». VG Nett. Henta 25. februar 2017. 
  3. John Dingwall (2. mai 1997). «The Samaritans saved my career; Katrina's charity lifeline.». Daily Record/The Free Library. Henta 25. februar 2017. 
  4. 4,0 4,1 Ben Sloan (27. oktober 2009). «Katrina Leskanich». Metro.co.uk. Henta 25. februar 2017. 
  5. «UK National Final 1997». National Finals Pages. Henta 25. februar 2017. 
  6. 6,0 6,1 «Love Shine a Light – Chart history». Official Charts Company. Henta 25. februar 2017. 
  7. Sarah Doran (26. februar 2016). «How to win Eurovision according to Katrina of Katrina and The Waves». RadioTimes. Henta 25. februar 2017. 
  8. Hung, Steffen. «Katrina and the Waves – Love Shine a Light». austriancharts.at. Henta 25. februar 2017. 
  9. «Love Shine a Light». danskehitlister.dk. Henta 25. februar 2017. 
  10. «Love Shine a Light – Ultratop». ultratop.be. Henta 25. februar 2017. 
  11. «Love Shine a Light – Ultratop». ultratop.be. Henta 25. februar 2017. 
  12. http://www.fireballmedia.ie. «The Irish Charts (skriv 'Love Shine a Light' i søkefeltet)». www.irishcharts.ie. Henta 25. februar 2017. 
  13. Hung, Steffen. «Katrina and the Waves – Love Shine a Light». dutchcharts.nl. Henta 25. februar 2017. 
  14. «VG-lista for 'Love Shine a Light'». VG Nett. Henta 25. februar 2017. 
  15. Hung, Steffen. «Katrina and the Waves – Love Shine a Light – hitparade.ch». www.hitparade.ch. Henta 25. februar 2017. 
  16. «Katrina and the Waves – Love Shine a Light (Song)». hitparad.se. Henta 25. februar 2017. 
  17. «Offisiell tysk singelliste (skriv 'Love Shine a Light' i søkefeltet)». Deutsche Offizielle Charts. Henta 25. februar 2017.