Love Will Keep Us Alive

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Love Will Keep Us Alive
av Eagles
frå albumet Hell Freezes Over
Utgjeve November 1994
Sjanger Softrock
Lengd 4:02
Selskap Geffen Records, The Eagles Recording Company II
Låtskrivar(ar) Jim Capaldi, Paul Carrack, Peter Vale
Eagles-kronologi 
«Get Over It»
(1994)
Love Will Keep Us Alive «Hole in the World»
(2003)


«Love Will Keep Us Alive» er ein song skriven av Jim Capaldi, Paul Carrack og Peter Vale. Han vart først framført av Eagles i 1994, under Hell Freezes Over-turneen deira med solovokal av bassist Timothy B. Schmit.

I følgje plateomslaget til ei samleplate frå 2003, vart songen skriven då Carrack og Schmit planla å danne eit band seint i 80- eller tidleg i 90-åra. Dette vart aldri noko av, så Schmit føreslo songen for Eagles då dei kom saman att.

Sjølv om songen aldri formelt vart gjeven ut som singel og ikkje gjekk inn på Billboard Hot 100-lista i USA, låg han tre veker på toppen av Billboard adult contemporary-lista tidleg i 1995[1] og låg op 22. plass på Billboard's Hot 100 Airplaylista. I Storbritannia nådde «Love Will Keep Us Alive» 52. plassen på UK Singles Chart.[2]

Utanom albumet Hell Freezes Over, finst songen påSelected Works 1972-1999 og The Very Best Of.

Paul Carrack spelte inn songen i 1996 for albumet Blue Views.

I 2011 spelte Paul Carrack og Timothy B. Schmit inn songen i London med Royal Philharmonic Orchestra, og gav han ut i Storbritannia på selskapet til Carrack.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Love Will Keep Us Alive» vart òg spelt inn av Capaldi og Dave Mason og igjen av Carrack (duett med Lindsay Dracass) i 2007 på albumet Old, New, Borrowed and Blue.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of No. 1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications)
  2. UK Singles Chart info at chartstats.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]