Lovechild av Curved Air

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lovechild
Studioalbum av Curved Air
Utgjeve 1990
Innspelt Juli 1973 i London
Sjanger Progressiv rock, folkrock
Lengd 34:24
Selskap UK Essential7 Castle
Produsent Clifford Adams
Curved Air-kronologi 
Airborne
(1976)
Lovechild Live at the BBC
(1995)


Lovechild er det sjuande studioalbumet gjeven ut av Curved Air, sjølv om berre halvparten av songane faktisk vart spelt inn av gruppa. Albumet består av demoinnspelingar spelte inn tidleg i 1970-åra som ikkje tidlegare var gjevne ut. Alle innspelingane vart overvaka av Clifford Adams og det var ein av John O'Hara, to av Eddie Jobson, ein av Kirby Gregory, og fire av Curved Air. Vokalisten Sonja Kristina forklarte opphavet til albumet: «Det albumet var totalt piratkopiering. Dette var demolydband eg hadde laga for Warner Brothers, som brått forstod at eg var det einaste originale medlemmet att i bandet - at det i røynda ikkje lenger var Curved Air slik det hadde vore før. Så Clifford Davis presenterte lydbanda for Warners, som av ulike årsaker valde å ikkje halde fram kontrakten vår.»[1]

I røynda er Lovechild ei «offisiell» piratkopiplate. Verken Warner Brothers eller nokre av bandmedlemmane gav løyve til å gje ut demoane og ingen av medlemmane fekk inntekter av platesalet. Fleire år etter fekk Repertoire Records løyve frå både Warner Brothers og musikarane til å gje ut albumet på ny, og i 2011 kom det ein lovleg versjon med nye notat i plateomslaget.

Dei fire Curved Air-demoane vart spelte inn etter Air Cut og før bandet vart oppløyst. Jim Russell og Kirby Gregory hadde alt slutta, og vart erstatta på demoinnspelingane av Florian Pilkington-Miksa og den islandske gitaristen Thordur Arnason, som dei andre i bandet berre kalla «Thor».

Plateomslaget er berre framsida av omslaget til Air Conditioning lagt over biletet frå baksida av same album.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«Exsultate Jubilate» (Instrumental)-Trad. arr. O'Hara0:45
2.«Lovechild»KristinaKristina4:53
3.«Seasons»KristinaKristina8:41
4.«The Flasher» (Instrumental)-Kirby4:12
5.«Joan» (Instrumental)-Jobson1:24
6.«The Dancer»KristinaKristina3:55
7.«The Widow»KristinaKristina3:51
8.«Paris by Night» (Instrumental)-Jobson6:43

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Sonja Kristina – vokal, akustisk gitar
  • Eddie Jobson – klaverinstrument (utanom på «Exsultate Jubilate»), fiolin
  • Florian Pilkington-Miksa – trommer (utanom på «The Flasher»)
  • Mike Wedgwood – bass (utanom på «The Flasher»)
  • Thordur Arnason - elektrisk gitar (utanom på «The Flasher»)
  • Kirby Gregory – elektrisk gitar på «The Flasher»
  • Jim Russell – trommer på «The Flasher»
  • John O'Hara – klaverinstrument og arrangement på «Exsultate Jubilate»
Produksjon
  • Produsert av Clifford Adams
  • Publisert av C.A.M.
  • Miksing: Steve Price, assistent: Declan McGoven

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sonja Kristina interview, Curvedair.com. Arkivert 2009-09-01 ved Wayback Machine.