Loveleen Rihel Brenna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Loveleen Rihel Brenna
Fødd 6. oktober 1967
Yrke skribent

Loveleen Rihel Brenna (fødd 6. oktober 1967 i India) er ein norsk forfattar. Ho vart født i India i 1967 og kom til Kristiansand i 1972 saman med foreldra sine.

Ho er utdanna i pedagogikk, psykologi, sosialpedagogikk med vidareutdanning i migrasjon og fleirkulturell forståing, og driv eit eige konsulentfirma for fleirkulturelle spørsmål. Ho driv også føredrags- og kursverksemd kring dette. tidlegare har ho mellom anna arbeidd ved innvandrarkontoret og barnevernstenesta i Kristiansand kommune og vore prosjektleiar for frukostseminar i samband med Groruddalssatsinga til Husbanken.

Loveleen Rihel Brenna har vore rådsmedlem i Verdikommisjonen, ho har fått Ole Vig-prisen for brubyggjarinnsats (1997) og i 2000 fekk ho Integreringsprisen for innsatsen sin for å skape betre føresetnader for integrering.

Frå januar 2004 har Loveleen Rihel Brenna vore leiar for Foreldreutvalet for grunnskulen, først for perioden til 2007, og deretter atterutnemnt for nye fire år. Ho sit også i styret for Universitetet i Agder og Raudekrossen i Noreg. Tidlegare har ho vore fagrådsmedlem i Norsk Filminstitutt og sete i styret for VOX-instituttet.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]