Lover

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Lover»
Musikk av Richard Rodgers
Tekst av Lorenz Hart
Publisert 1932

«Lover» er ein popsong skriven av Richard Rodgers med tekst av Lorenz Hart. Han vart skriven for filmen Love Me Tonight i 1932 og sungen av Jeanette MacDonald.

Kjende innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Les Paul sin versjon var ein gitarinstrumental på albumet The New Sound i 1948 under ein fransk tittel, «Partout toi». Harry James gav ut tre konsertopptak av songen frå 1940- og 1950-åra, og Frank Sinatra spelte inn songen to gonger i 1950 og 1961. Peggy Lee sin versjon frå 1952 var med i filmen The Jazz Singer som ho var med i. Cliff Richard spelte inn songen på albumet Listen to Cliff!. I 1954 var songen med i Billy Wilder sin Sabrina og i Alfred Hitchcock-filmen Rear Window. John Coltrane spelte inn ein versjon av songen i 1957 som kom med på albumet The Last Trane i 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]