Loving the Alien
Loving the Alien Singel av David Bowie frå albumet Tonight | ||
B-side | Don't Look Down | |
---|---|---|
Utgjeve | Mai 1985 | |
Innspelt | Le Studio i Morin Heights, mai 1984 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 7:11 (albumversjon) 4:43 (singelversjon) | |
Selskap | EMI EA195 | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent | David Bowie, Hugh Padgham, Derek Bramble | |
David Bowie-kronologi | ||
«This Is Not America» (1985) |
Loving the Alien | «Dancing in the Street» (1985)
|
«Loving the Alien» er ein song av David Bowie frå albumet Tonight frå 1984. Han er ein av berre to songar på albumet som er skriven av Bowie aleine, og vart overraskande utgjeven som singel ni månader etter den første singelen «Blue Jean» og åtte månader etter albumet, visstnok fordi Bowie hadde lese i ei melding at songen ville ha vore ein bra singel. Den overdådige videoen vart regissert av Bowie og David Mallet.
Han vart remiksa som singel og gjeven ut i mai 1985. Singelen gjorde det forholdsvis bra og nådde 19. plass i Storbritannia.
Bowie har sidan spelt songen på Glass Spider Tour. Han sa seinare at produksjonen på songen oppheva effekten av teksten, og innrømde at demoversjonen av songen hadde vore betre. På Reality Tour i 2003 og 2004, spelte Bowie igjen songen, men denne gongen i ein naken versjon med berre Bowie på vokal og Gerry Leonard på gitar. Bowie seier på konsertopptaket at dette arrangementet var kanskje «slik han alltid burde vore spelt.»
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Musikarar
- David Bowie: Vokal
- Carlos Alomar: Gitar
- Derek Bramble: Bass, synthesizer
- Carmine Rojas: Bass
- Sam Figueroa: Perkusjon
- Omar Hakim: Trommer
- Guy St Onge: Marimba
The Scumfrog vs Bowie[endre | endre wikiteksten]
I 2002 gjorde den nederlandske produsenten The Scumfrog ein klubb-miks av songen og gav han ut på singel i lag med den originale videoen til songen.
Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
- Songen finst òg på samlealbuma Bowie: The Singles 1969-1993 (1993), Changestwobowie (1998-utgåva), Best of Bowie (2002), The Best of David Bowie 1980/1987 (2007) og ISELECT (2008).
Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]
- Iva Davies & Icehouse - The Berlin Tapes (1995), òg på Diamond Gods: Interpretations of Bowie (2001)
- The Rockridge Synthesiser Orchestra - Plays David Bowie Classic Trax
- The Nine - Diamond Gods: Interpretations of Bowie (2001)
- Heartbreak - Life Beyond Mars (2008)
- Docker's Guild - The Mystic Technocracy - Season 1: The Age of Ignorance (forthcoming)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Loving the Alien» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- A Reality Tour, 2004
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5