Lovleg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lovleg

Typefjernsynsserie
SjangerDrama
OpphavslandNoreg
Produksjonsland Noreg
Sesongar2
Episodar20
Lengd15–30 min. (per episode)
SpråkNorsk
ProdusentHege Hauff Hvattum
ManusKjersti Wøien Håland
RegiHarald Mæle Jr.
KlippIdun Kvasbø
Periode23. august 2018–
11. april 2019
KanalNRK

Lovleg er ein dramaserie på NRK TV. Serien følgjer tenåringen Gunnhild som har flytta heimanfrå for å byrje på vidaregåande skule på Sandane. Episodane fokuserer på ulike ting som skjer i kvardagen til Gunnhild. Innspelinga av serien er gjort i Gloppen kommune i Nordfjord.[1]

NRK har omtala Lovleg som ein etterfølgjar til dramaserien Skam. Serien er eit samarbeid mellom Rubicon og NRK.[2] Første sesong var på ti episodar og gjekk frå 23. august til 25. oktober 2018. Den andre sesongen, også på ti episodar hadde premiere 7. februar 2019 og var ferdig innspelt fredag 8. februar 2019.[3]

Rolleliste[endre | endre wikiteksten]

Hovudroller[endre | endre wikiteksten]

  • Kristine Ryssdalsnes Horvli som Gunnhild Kvam
  • Silje Holm Carlsen som Sara Årdal
  • Olav Barmen Trollebø som Alex Mundal Rey
  • Runar Naustdal som Peter Andreas Helgheim

Biroller[endre | endre wikiteksten]

  • Ingrid Tykhelle Kayser som Luna Oksnes
  • Magnus Henden som Ivar Nordseth
  • Alexander Baraki Roth som David Ketema
  • Daniel Alexander Skadal som Torstein Guddal
  • Sondre Brandsøy som Lasse Feios
  • Eiril Solveig Ugulen som Tina Indrebø

Gjesteroller[endre | endre wikiteksten]

  • Idun Losnegård som Mamma
  • Fredrik Steen som Pappa
  • Sarah Benfaddoul som Lærar
  • Torunn Lødemel som Legen
  • Jørgen Dølvik Husbyn som Rågivar
  • Peter Skåden som Kniven

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Noregs Mållag gav i 2019 Målprisen til skaparane av Lovleg, som tok imot prisen på Firda vidaregåande skule på Sandane den 23. april 2019. Mållagsleiaren Magne Aasbrenn grunngav tildelinga med at Lovleg-universet viser nynorsk som eit levande, skriftleg bruksspråk.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Skam»-etterliknaren skal spelast inn på bygda». NRK. 27. mars 2018. Henta 26. oktober 2018. 
  2. «Silje er «Sara» i Lovleg». Sogn Avis. 23. september 2018. Henta 26. oktober 2018. 
  3. «Gunnhild i Lovleg skapar nynorskfeber i kommentarfeltet». NRK. 8. februar 2019. Henta 9. februar 2019. 
  4. «Målprisen 2019 til «Lovleg»». Noregs Mållag. 23. april 2019. Henta 11. november 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]