Lovoziorskije Tundry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lovoziorskije Tundry
region
Land  Russland
Kart
Lovoziorskije Tundry
67°50′57″N 34°32′39″E / 67.849057°N 34.544055°E / 67.849057; 34.544055
Wikimedia Commons: Lovozero Massif

Lovoziorskije Tundry (russisk Ловозёрские тундры, kalla opp etter innsjøen Lovozero som ligg i området og tyder 'Lovozerotundraen') er ei fjellkjede midt på Kolahalvøya i Russland mellom Lovozero og Umbozero. Ho består av ein hesteskoforma rygg rundt Sejdozero. Fjellsidene er stort sett dekte av gran og furu. Det høgaste punktet er Angvundastsjorr (1120 moh). Området rundt innsjøen er busette av samar, og mange stadnamn er ikkje av russisk opphav.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Lovoziorskije Tundry ligg over eit kompleks av agpaitiske til hyperagpaitiske bergartar som inneheld mineral som eudialytt, loparitt og natrosilitt. Det er funne minst 340 forskjellige mineral i massivet og 73 av dei vart første gong oppdaga her.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Området er relativt lett tilgjengeleg med jernbane. Om vinteren er det mogeleg å nå området frå Khibiny via isen på Umbozero. Om sommaren kan ein nytte fjellvegar og stiar i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Khomyakov, A. P. : Mineralogy of Hyperagpaitic Alkaline Rocks Clarendon Press 1995

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]