Low Level Bridge i Edmonton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Low Level Bridge i Edmonton
2008-06-03 Low Level Bridge.jpg
Typebru
StadEdmonton i Alberta i Canada
Opna1900 (nordgåande)
1948 (sørgåande)
KryssarNorth Saskatchewan

Low Level Bridge i Edmonton
53°32′17″ N 113°29′13″ W

Low Level Bridge er ei bru som kryssar elva North Saskatchewan i Edmonton i Alberta i Canada. Då ho vart fullført i 1900 var ho den første brua i Edmonton over North Saskatchewan.[1] Det vart lagt eit jernbanespor i 1902 for Canadian Northern Railway.[2] Etter bygginga av High Level Bridge i 1913 kom namnet Low Level Bridge i bruk. I 1948 vart det bygd eit ekstra spenn og jernbanesporet vart etter kvart fjerna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vanterpool, Alan (2014). Rivers and Rails: Central Alberta's Transcontinental Railways. Edmonton and District Historical Society. 
  2. Lane, Dennis. A15485 «First train into Edmonton»[daud lenkje]. Provincial Archives of Alberta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]