Lowell Bailey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lowell Bailey

2016 Biathlon World Championships 2016-03-13 (25993107614).jpg

Statsborgarskap USA
Fødd 15. juli 1981 (41 år)
Siler City
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2018, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint menn

Lowell Bailey (fødd 15. juli 1981) er ein USA-amerikansk skiskyttar frå Lake Placid. Han er pr 2022 den einaste frå USA som er verdsmeister i idrettsgreina.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bailey deltok i sitt fyrste verdsmeisterskap i 2003, og i sine fjerde og siste olympiske vinterleikar i 2018. Under VM i skiskyting 2017 i Hochfilzen var han i sitt livs form. Etter fjerdeplass i sprint-tevlinga fylgde han opp med sjetteplass på jaktstarten. På 20 km skaut han 20 treff og tok gullmedaljen på øvinga, 3,3, sekund føre Ondřej Moravec frå Tsjekkia. Sigeren var hans einaste i verdscup-tevlingar, i tillegg kom han på pallen i to andre verdscuprenn. Også på den avsluttande fellesstarten i VM 2017 prikka Bailey inn 20 treff, noko som gav han sjetteplassen. I dei individuelle tevlingane i meisterskapen trefte han på 59 av 60 skot. Prestasjonane under VM 2017 gjorde at han enda på 8. plass i verdscupen i skiskyting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]