Lowrey-orgel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit orgel av typen Lowrey Royale SU500 / Palladium 630.

Lowrey-orgel er eit elektrisk orgel kalla opp etter utviklaren av orgelet, Frederick C. Lowrey (1871-1955), som var ein Chicago-basert industrimann og entreprenør.[1] Det første elektriske orgelet i full storleik av Lowrey som selde godt, var Model S Spinet eller Berkshire, og kom på marknaden i 1955, same året han døydde.[2] Lowrey hadde tidlegare utvikla ekstra utstyr for piano, som la til elektriske orgelpiper på 60 notar, samstundes som pianoet var fullt funksjonelt. Dette vart kalla Organo og vart først marknadsført i 1949[3] som ein særs suksessrik konkurrent til Hammond Solovox.

I 1960- og 1970-åra var Lowrey den største produsenten av elektriske orgel i verda.[1] I 1989 produserte Lowrey Organ Company orgel nummer éin million.[4] Fram til 2011 vart dei moderne Lowrey-orgla bygde i LaGrange Park i Illinois, før produksjonen av somme modellar vart flytta til Indonesia.

Lowrey-orgel vart nytta av somme rockegrupper i 1960- og 1970-åra. Garth Hudson, klaverspelar i The Band, spelte på Lowrey Festival-orgel på somme av dei mest kjende songane til gruppa,[5] som på «Chest Fever» frå 1968.[6] Lowrey-orgelet kan òg høyrast på fleire The Beatles-songar, som «Being for the Benefit of Mr. Kite!» (frå Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band)[7] og opninga av «Lucy in the Sky with Diamonds».[8] The Who nytta eit Lowrey-orgel, gjennom ein synthesizer på songen «Baba O'Riley».[9]

Mike Ratledge i Soft Machine spelte på eit Lowrey Holiday Deluxe[2] Mike Oldfield spelte på instrumentet på albumet Tubular Bells og fleire seinare album.

I 1988 vart Lowrey kjøpt opp av Kawai.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Girardot, Jan (2007). «Organ Tradenames». Musical Instrument Technicians Association. Arkivert frå originalen 13. september 2020. Henta 11. august 2019. 
  2. 2,0 2,1 Frank Pugno, Bil Curry (3. november 2005). «LOWREY ORGANS». Electronic Organs (theatreorgans.com/hammond/keng/kenhtml/electronicorgans.htm). VintageHammond.Com. 
  3. Davies, Hugh. «Organo». Grove Music Online. Oxford University Press. Henta 13. september 2020. 
  4. «Music Trades». 1. juli 1989. Arkivert frå originalen 3. september 2009. Henta 13. september 2020. 
  5. Doerschuk, Bob (December 1983). «Garth Hudson: Legendary Organist with '60s Supergroup 'The Band'». Keyboard Magazine. 
  6. Johnson, Brian D. (22. juli 2002). «Garth Hudson (Profile)». Maclean's. 
  7. Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. 
  8. Babiuk, Andy (2001). Beatles Gear. San Francisco: BackBeat Books. 
  9. «Lowrey Berkshire Deluxe TBO-1 organ: Baba O’Riley/Won’t Get Fooled Again ‘synthesizer’ sound». Whotabs. 27. august 2005. Henta 13. september 2020. 
  10. http://www.kawai-global.com/company/history/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lowrey-orgel