Hopp til innhald

Loznica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Loznica (fleirtyding).
Loznica
Лозница
by
Utsyn over Loznica
Land  Serbia
Region Šumadija og vestlege Serbia
Distrikt Mačva
Areal 612 km²
Folketal 19 515 (2022[1])
   storby 72 062
Tidssone CET (UTC+1)
Kart
Loznica
44°32′00″N 19°13′33″E / 44.533333333333°N 19.225833333333°E / 44.533333333333; 19.225833333333
Kart som viser Loznica.
Kart som viser Loznica.
Kart som viser Loznica.
Wikimedia Commons: Loznica

Loznica (kyrillisk Лозница, uttalt lǒznit͡sa) er ein by vest i Serbia, i distriktet Mačva, ikkje langt frå grensa til Bosnia-Herzegovina. Han ligg på høgresida av elva Drina. I 2022 hadde byen eit folketal på 19 515, medan heile det administrative området hadde eit folketal på 72 062.

Namnet Loznica var opphavleg Lozica og er avleidd frå loza, 'drueranke'. Loznica-området har vore folkesett sidan steinalderen, men den eldste omtalen av byen stammar frå 1317. Dette året grunnla Katarina, svigerinna til den serbiske kongen Stefan Milutin, Tronoša-klosteret her.

I 1533 var Loznica blitt erobra av Det osmanske riket, og størsteparten av innbyggjarane var muslimar. Skatteregisteret frå denne tida viser at av 37 hushaldningar var 26 muslimske og 11 kristne. I 1600 var Loznica offisielt muslimsk med 55 hushaldningar. På denne tida var Loznica og Jadar del av ein region styrt frå Zvornik, som igjen låg under pasjaen i Bosnia.

Innbyggjarane i Loznica deltok i opprøret mot osmansk styre frå den første serbiske oppreisten i 1804. I tida fram til 1813 blei fleire tunge slag kjempa i området. I 1813 dreiv serbarane osmanarane over elva Drina, og Loznica blei ein osmansk grenseby. I november 1833 blei Loznica og Jadar del av fyrstedømet Serbia under Miloš Obrenović, då sultan Mahmud II overgav seks regionar til landet. Det gamle føydalsystemet blei oppheva og landet blei erklært ein fri bondestat.

Loznice blei del av og hovudsete for Podrinjeregionen, ei rolle som blei overført til Šabac på 1800-talet. I 1830-åra hadde Loznica 295 hushaldningar med 1 203 innbyggjarar. Det blei bygd skular, fabrikkar og eit sjukehus (1882), medan handel og finans utvikla seg. Tidleg på 1900-talet byrja utbygging av ein jernbane mellom Šabac, Loznica og Banja Koviljaca.

Den første balkankrigen og den første verdskrigen stoppa den økonomiske utviklinga og reduserte folketalet kraftig. Ved slutten av verdskrigen var Loznica eit regionalt senter med rundt 5 000 innbyggjarar. Ei kort tid med gjenreising og utvikling blei følgd av den store depresjonen. Tysk industri nytta antimongruver i området, noko som styrkte økonomien fram til utbrotet av den andre verdskrigen.

I januar 2008 fekk Loznica status som by etter serbisk lovverk.

Befolkningsutvikling

[endre | endre wikiteksten]
Historiske folketal
ÅrFolketal[2]
194853 436
195359 796
196170 534
197178 228
198184 180
199186 875
200286 413
201179 327
202272 062

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største busetnadane i kommunen er:[2]

Folketal 2002Folketal 2011Folketal 2022
Loznica19 86319 21219 515
Lozničko Polje7 9227 5567 199
Klupci7 2977 1126 609
Banja Koviljača6 3405 1514 473
Lešnica4 7314 27638 18
Lipnički Šor2 6732 6232 390
Runjani2 5252 4872 289
Korenita2 6802 4152 169
Jadranska Lešnica2 0881 9331 625

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Укупан број становника, по насељеним местима / Total population, by settlements» (xlsx). Републички завод за статистику (Statistikkontoret for Republikken Serbia). Henta 30. september 2024. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |utgjevar= (hjelp)
  2. 1 2 «"Упоредни преглед броја становника 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. и 2022. године Comparative overview of the number of population in 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. and 2022.. stat.gov.rs. Statistical Office of the Republic of Serbia. Henta 30. september 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]