Lu You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lu Yuo)
Portrett av Lu You.

Lu You (fødd 1125 i Shaoxing, død 1210 i Shaoxing) var ein kinesisk diktar og embetsmann. Han blir rekna som ein av dei viktigaste og mest produktive diktarane i det sørlege Song-dynastiet (1127–1279) med ein forfattarskap på nesten 10 000 dikt og fleire prosastykke. Namnet hans kan også skrivast som Lu Yu (Wade-Giles), Lu Fangweng eller Lu Wuguan. Som poet vann Lu You ry for den enkle og direkte stilen med sans for detaljar som pregar dikta hans. Med eit slikt uttrykk skil dikta seg frå den dominerande Chiang si-skulen i samtida, som stod for ein poesi som var opphøgd og alluderande.

Lu You vart fødd om lag samstundes med jursjenar-invasjonen av Song-dynastiet, og for ettertida er det dei patriotiske dikta han er mest høgvyrda for. Den sterke nasjonalkjensla og revansjismen han stod for førte samstundes til at han ikkje greidde å gjere karriere i det kinesiske embetsverket. Etter å ha blitt avsett fleire gongar trekte han seg til slutt vonbroten og desillusjonert attende til heimbygda.[1]

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Lu You vart fødd inn i ei embetsætt med lange røter i Shaoxing. Faren hans tok seg sjølv av oppsedinga av guten, og guten utmerkte seg tidleg: Berre 12 år gamal vart han løna med teng shi leng-graden grunna dugleiken han synte i poesi og prosa, ein grad som vart sett på som ei stor ære for ein framtidig embetsmann. I 1127 hadde jursjenarane hærteke Song-hovudstaden Kaifeng og tufta Jin-dynastiet. Keisarhoffet vart difor nøydd til å flykte sørover, der dei etter kvart gjorde Hangzhou (Lin'an) til hovudstad.[2] Den patriotiske faren «...hamret like fra barnsben av inn i ham en fanatisk protestholdning til alle de krefter i samtiden, som heller enn stadig ufred foretrakk status quo i den vanskelige situasjon landet befandt seg i efter nederlaget i nord», og denne sterke patriotismen kom til å setje sine spor i både embetskarrieren og diktargjerninga hans.[3]

Statue av Lu You i Ningde.

Første ekteskap og karriere[endre | endre wikiteksten]

Lu You voks opp saman med kusina si, Tang Wan. Båe to var interesserte i poesi, og i vaksen alder vart dei to gift med kvarandre. Men mor til Lu You tvang han til å skilje seg frå Tang Wan, fordi mora tykte at kona ikkje var lydig nok mot sonen, og fordi ho frykta at den sams lidenskapen ektefellane hadde for poesi ville føre til at Lu You vanrøkte førebuingane til eksamen. Mange år seinare, då Lu You hadde blitt 30 år gamal, råka han på Tang Wan i ein hage som høyrde til ein venn av familien. Tang Wan skal ifølgje soga ha sett han på avstand, og som dei var på veg bort frå staden sendte den nye ektemannen hennar vin og frukt til Lu You. Han drakk vinen snøgt, og i ei sorgal stemning skreiv han eit dikt på veggen kring hagen som framleis er vidgjete i Kina. Seinare skal Tang Wan ha sett diktet og skrive sitt eige dikt om den tapte kjærleiken deira.[4]

Det sørlege Song i 1142.

Lu You passerte den keisarlege embetseksamen i Hungzhou, men statsministeren Ch'in Kuei tykte ikkje særleg om Lu You og stogga han frå å få embete i staten.[5] Først i 1160, etter at statsministeren var avliden, kalla keisaren han til teneste ved å utnemne han til visekommissær i Apellretten og arkivar i Geheimrådet. Det radikale politiske synet Lu You målbar i høve til invasjonen i nord heldt likevel fram med å skape problem for han. Seks år seinare vart han avsett og først teke inn i varmen igjen i 1170. Dei neste 20 åra hadde han ei rad mindre stillingar ute i provinsen, men vart ikkje verande lenge i nokon av dei. Han skal ha blitt møtt med falske klagemål om drukkenskap og dårleg arbeidsmoral, og fekk avskil på grått papir heile fire gongar.[3]

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

I midten av sekstiåra trakk ein mislukka Lu You seg attende til heimstaden, vonbroten over statens politikk andsynes inntrengjarane i nord og manglande framgang i embetskarrieren. Resten av livet levde han i fattigdom, og til tider hadde han det så smått at det berre var nokre bollar med ris han fekk frå ein gåvmild prest i grannelaget som heldt liv i han. Samstundes skulle desse fattigslege åra i alderdomen bli dei mest produktive åra Lu You hadde som diktar. Det rolege livet i heimbygda gav han moglegheit til å observere scener frå dagleglivet og feste desse i dikta sine.[6] Ifølgje Arne Dørumsgaard pleidde han å rusle omkring i distriktet medan han deklamerte dikt, plukke blomar i vegkanten og vitje ei lokal kro. Den sterke patriotismen veikna aldri i hugen hans, og då han var 81 år gamal freista han endåtil å verve seg som soldat i krigen mot Jin-dynastiet som var i gang på den tida.[3]

Død[endre | endre wikiteksten]

Lu You døydde i sitt 85. leveår i 1210, omgjeven av slekt og vennar medan landsbyfolket vaka over stadens store son. Han skal visstnok ha vakna opp ein dag og kjent seg dårleg, men kunne ikkje tenkje seg å døy utan ein siste tår på den lokale kroa.[3] Lu You fekk også tid til å skrive nokre siste dikt før han døydde, og i det aller siste diktet han skreiv før han anda ut, kjem den ubendelege kjærleiken han nærde for fedrelandet tydeleg til uttrykk. Dei tre avsluttande linjene i det siste diktet han skreiv er:

«Når keiserens hær vinner landet i nord tilbake:
glem ikke da i ofringens stund ved fedrenes alter
å la din bekymrede far få vite at Kina atter er ett».[7]

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Overlevering[endre | endre wikiteksten]

Få av dikta Lu You skreiv i ungdomsåra har overlevd fram til idag: Lu You let dei brenne fordi han var vonbroten over det han meinte var statens feigskap etter nederlaget i nord. Alle dikta han skreiv frå han var 32 år gamal er derimot samla i 85 band under tittelen Dei poetiske skrifter frå Chien-nan, som låg føre alt 13 år etter døden hans. Samlinga inneheld om lag 10 000 dikt, dei fleste skrivne i Shi-stilen, den vanlegaste verseforma i klassisk kinesisk litteratur.

Verdens lykkeligste menn (...)
Vi vet ikke engang navnet på guvernøren –
hva angår palassets mektige slike som oss:

en konfutsianer, lærd og forarmet, som trygler om medynk;
fabler om noe å spise, lenet mot herskerens port –
hule tenner, grå i håret og mager:
maven full av visdommens evige ord.

Tynnere skjebne enn silkepapir har forsynet bragt mig.
Nu vet jeg at lykken smiler
bare til handelsmenn.

Lu You. Til norsk ved Arne Dørumsgaard (1980).
[8]
(Dei tre siste strofene av diktet)

Lu You hadde for vane å alltid datere dikta han skreiv, og difor ordna sønene hans dikta kronologisk, slik at ein kan følgje diktaren og samtida han levde i veke for veke, og i seinare år også dag for dag. Prosalitteraturen hans er samla i nesten like mange band, og vitnar iføgje Dørumsgaard om «en litterær utfoldelse uten sidestykke i kinesisk åndsliv inntil da».[9]

Form[endre | endre wikiteksten]

Lu You står ikkje fram som nokon stor fornyar av shi-poesien teknisk sett, men han meistra sideformene og heile prosodien i sjangeren til fulle. Han skreiv mange dikt i den gamle ku-t'i-stilen, ein stil som ser bort frå dei tonale sidene i språket og syntaktisk paralellisme mellom kuplettar.[10] Han var også glad i den brigda lü-chi-forma, som er eit vers på åtte linjer som nettopp nyttar paralellismar såvel som paralellar mellom enkeltord. På same vis nytta han gjerne kortverset Chüeh Chü, som er på fire linjer og har eit utal restriksjonar. Dørumsgaard skriv at den poetiske dugleiken hans var så velutvikla at jamvel diktformer med strenge formelle krav endar opp med eit uttrykk som verkar naturleg og spontant.[9]

Periodar og motiv[endre | endre wikiteksten]

I det store og heile kan forfattarskapen delast inn i tre forskjellige periodar. Den første perioden frå ungdomsåra hans er som nemnd dårleg dokumentert. Denne var sterkt påverka Chiang-si-skulen, og la først og fremst vekt på eit smidig og elegant uttrykk utan noko djupare meining knytt til diktet. I den midtre perioden skreiv Lu You dikt med eit langt meir robust og kraftig uttrykk. Den tredje fasen med poesi frå alderdomen er rekna som den viktigaste poesien han skreiv, og har ein meir personleg, avklåra og roleg tone.[9][5]

Også i motivkrinsen kan ein nytte ei tredeling av forfattarskapen. Den sentimentale sida av personlegdomen hans fann sitt uttrykk i kjærleiksdikta, den heroiske i den patriotiske poesien hans, og den lyriske i alt det han skreiv om dagleglivet og naturen. Likevel er det kjærleiken til fedrelandet som ifølgje Dørumsgaard blir det sentrale grunndraget i poesien Lu You let etter seg.[11]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Ei kinesisk utgåve av Lu You sine verk i samling.

I kinesisk litteraturhistorie blir Lu You rekna som ein av dei fire store diktarane i det sørlege Song.[12] Tai Fu-ku, Ein yngre diktarkollega, stod for ein av dei første vurderingane av diktargjerninga hans, og gjev han følgjande attest:

«Han skaper det enkle og jevne om til sublime strofer –
får undere ut av de aller vanligste ord»[13]

Den glødande nasjonalkjensla i dikta Lu You skreiv heldt seg relevant gjennom dei neste hundreåra, då kinesarane leid audmjukande nederlag overfor både mongolske og mandsjuriske invasjonshærar. Desse hendingane medverka til å sikre det seinare ryet hans som ein framifrå patriotisk poet i Kina, jamvel om dei «svikefulle barbarane» Lu You ønskte å drive ut frå Kina sjølve kom til å vere blant dei som høgvyrda poesien hans.[14] Ein av Ch'ing-keisarane hylla han såleis fleire hundreår seinare med desse orda:

Lu Yu's dypeste følelser gjaldt land og Keiser; dette fandt uttrykk i hans diktning. Hans interesser favnet vidt. Han skrev om alt – stort som smått: fiskerens båt, stien ved tømmerhuggerens hytte, en bolle med te, duften fra røkelseskar, vakkert som regnfuldt vær; bjerger, grener og gress-strå: av alt ble han inspirert. Tu Fu gjorde nettopp det samme. Ti tusen dikt er tillagt Lu Yu. Lik dype daler og høie fjell rummer de nesten utallige ting. Å skille det gode fra det som er dårlig, kan vi ikke. Hva bør vi gjøre? Studere det gode og legge det svake tilside. Hans beste dikt kan måles med de av Tu Fu, Li Po, Han Yu, Po Chü-i og Su Shih.[12]

I det moderne Kina har Lu You vore ein mykje lesen diktar, først og fremst grunna den patriotiske poesien han skreiv. Kinesarane reknar han dessutan som den første diktaren sidan det tredje hundreåret som omtalar krigaryrket i positive vendingar. På norsk har Lu You blitt attdikta av Arne Dørumsgaard i andre bind, del 1 av bokverket Viften av perlemor, som inneheld attdiktingar av klassisk kinesisk poesi frå tidsrommet 1127-1279.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dørumsgaard, A. (1980). Innledning. I Viften av perlemor: Klassisk kinesisk poesi i norsk gjendiktning. Oslo: Dreyer.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lu You». Encyclopædia Britannica. 2019. Henta 6. juni 2019. 
  2. For ei skildring av kollapsen til det nordlege Song-dynastiet, sjå Lidin, Olof G. (1983). Østens storriker. Cappelen. s. 212-218. ISBN 8202049601. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Dørumsgaard, A. (1980), s. 134.
  4. Bennett Peterson, B., red. (2016). «Tang Wan». Notable Women of China: Shang Dynasty to the Early Twentieth Century. Routledge. 
  5. 5,0 5,1 Perkins, D., red. (2013). «Lu You». Encyclopedia of China: History and Culture. Routledge. s. 298. 
  6. Dørumsgaard, A. (1980), s. 139.
  7. Dørumsgaard, A. (1980), s. 137.
  8. Dørumsgaard, A. (1980), s. 251
  9. 9,0 9,1 9,2 Dørumsgaard. A. (1980), s. 135.
  10. Mair, V.H., red. (2010). The Columbia History of Chinese Literature. Columbia University Press. s. 276. 
  11. Dørumsgaard, A. (1980), s. 136.
  12. 12,0 12,1 Dørumsgaard, A. (1980), s. 142
  13. Dørumsgaard, A. (1980), s. 141.
  14. Keay, J. (2009). China: A History. Basic Books. s. 327-328. ISBN 978-0-465-01580-1.