Luciadagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luciaopptog i Sverige.
Foto: Fredrik Magnusson, 2007

Luciadagen 13. desember er ein minnedag for den sicilianske martyren heilage (sankta) Lucia i den liturgiske kalenderen både hjå den katolske kyrkja og den ortodokse kyrkja. Dagen vert også feira utanfor kyrkja, og i dei skandinaviske landa har denne dagen vorte ein viktig adventstradisjon som vert feira med levande lys, opptog og mat.

Heilage Lucia[endre | endre wikiteksten]

Den heilage Lucia av Siracusa var fødd på 280-talet på Sicilia. Det er fleire ulike legender som fortel hennar historie, men dei fortel alle at ho leid martyrdøden rundt år 300 under keisar Diokletian. Ho vart forsøkt drepen fleire gonger før dei lukkast, og i prosessen fekk ho blant anna stukke ut augene. Sankta Lucia vart helgen og skytshelgen for Siracusa og for blinde etter sin død.

Eldre Luciafeiring i Skandinavia[endre | endre wikiteksten]

Luciafeiring på Koberg i Västergötland 1848, Fritz von Dardel.

kristendomen kom til Skandinavia vart Luciadagen ein merkedag på primstaven. Den katolske merkedagen vart blanda med eldre tradisjonar. Det at dagen fall på 13. desember som var vintersolkverv, altså den lengste natta i året, i den julianske kalenderen var med å påverke korleis dagen vart markert. Det at namnet Lucia kjem frå det latinske ordet lux, som betyr lys, passa også godt inn i denne tradisjonen. Folk i eldre tid meinte blant anna at mørket råda denne natta, og at ein måtte passe seg for dei underjordiske og troll i tida frå luciadagen og fram til jul.

I Sverige på slutten av 1700-talet kjem dei første omtalane av kvinnene si deltaking i denne tidlegare mannsdominerte feiringa, og då med kvite kjolar og lys i håret.

I 1700 gjekk Danmark-Noreg over frå den julianske til den gregorianske kalenderen, slik at vintersolkverv fann stad på ein seinare dato (21. desember).

Moderne Luciafeiring[endre | endre wikiteksten]

Lussekatt.

Feiringa slik vi kjenner den i Skandinavia i dag, med lys og kvite kjolar, har kome gradvis, men tradisjonen skaut fart i Sverige på 1920-talet etter at ei avis i Stockholm utlyste ein konkurranse om kven som skulle verte Stockholm si Lucia. Denne vart krona etter eit luciatog gjennom byen.

Luciasongen er ein viktig del av luciafeiringa. Melodien og tittelen frå denne stammar frå ein italiensk folketone om bydelen Santa Lucia ved hamna i Napoli. Den svenske «Natten går tunga fjät» av  Arvid Rosén kom i 1928. Denne har også vorte oversatt til norsk: «Svart senker natten seg». Innhaldet i desse tekstane har ingenting med den opphavlege italienske teksten å gjere.

Lussekattar er bakverk med safran som er spesielt knytt til luciadagen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Luciadagen

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]