Luciano Bottaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luciano Bottaro
Statsborgarskap Italia, Kongedømet Italia
Fødd 16. november 1931
Rapallo
Død

25. november 2006 (75 år)
Rapallo

Yrke teikneserieteiknar, manusforfattar
Språk italiensk

Luciano Bottaro (16. november 193125. november 2006) var ein italiensk teikneserieskapar. Bottaro er rekna som ein av dei viktigaste italienske teikneserieskaparene når det gjeld humorseriar. Med innflytnad frå Otto Messmer, Winsor McCay, Fredrick Burr Opper, Rudolph Dirks, Carl Barks og Floyd Gottfredson, utvikla han ein personleg stil. Denne stilen er kjend i Europa, i tillegg til i Argentina, Australia og Brasil.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Han byrja karrieren sin for det italienske bladet Lo Scolaro i 1949, med karakteren «Arcibaldo il bucaniere» (Piraten Arcibaldo).

Han har samarbeidd med La Domenica del Corriere, Edizioni Alpe og Mondadori, det italienske Disney-forlaget. Den fyrste historia hans der kom ut i 1952, og heitte Paperino e le onorificenze som vart skriven av Alberto Testa. Denne historia er ikkje utgjeve på norsk.

Same år byrja han å samarbeide med Guido Scala og Franco Aloisi, og seinare manusforfattaren Carlo Chendi. Dette førte etter kvart til byrjinga til Bierrecì Studios.

Bierrecì Studios[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til arbeidet med Disney-figurar, skapte han òg mange andre figurar, mellom anna Baldo, Pepito, Pon Pon, Giò Polpetta og Maramao. I 1958 starta han Bierrecì Studios saman med Carlo Chendi og Giorgio Rebuffi.

Den fyrste utgjevinga til studioet var Redipicche, ei teikneseriebok som handla om kongen i ein kortstokk, ein parodi på militærverda med inspirasjon frå Alice i Eventyrland.

Ei rekkje teikneserieskaparar byrja etter kvart å samarbeide med dei, m.a. Maria Luisa Uggetti, Tiberio Colantuoni, Ivo Milazzo og Giancarlo Berardi. Dei arbeidde med fleire figurar, som Mikke Mus, onkel Skrue og ein del Warner Bros.-figurar. Dei laga òg ein teikneserie versjon av Carosello, eit italiensk fjernsynsprogram.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]