Lucille Wheeler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lucille Wheeler
Statsborgarskap Canada
Fødd 14. januar 1935 (89 år)
Montreal
Yrke alpinist

Lucille Wheeler (fødd 14. januar 1935) er ein kanadisk tidlegare skirennar fødd i Montréal i Québec som under VM i alpine greiner 1958 vart dobbelt verdsmeister, då ho vann både utfor og storslalåm.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Wheeler vart nummer sju i utfor då alpin-VM vart avvikla i svenske Åre i 1954. To år seinare vann ho bronsemedaljen i utfor under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, det var fyrste gongen ein nordamerikansk kvinneleg alpinist tok ein olympisk medalje. I storslalåm kom ho på sjetteplass.

Under VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein vart Wheeler den store forgrunnsfiguren på kvinnesida. Ho vann utfortevlinga med ein margin på tre tidels sekund i høve til Frieda Dänzer frå Sveits, medan ho i storslalåm hadde eit halvt sekund til gode i mål til sølvvinnar Sally Deaver frå USA. Dei to gullmedaljane og ein 13. plass i slalåm gav henne også sølvmedaljen i kombinasjonen.

Wheeler la opp i 1959.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]