Lucy Ayoub

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lucy Ayoub

Verkeleg namn arabisk لوسي ايوب‎, hebraisk לוסי איוב
Statsborgarskap Israel
Fødd 21. juni 1992 (31 år)
Haifa Sjå dette på Wikidata
Yrke programleiar, lyrikar, radioprogramleiar, skodespelar, fjernsynsskodespelar, skribent, brand ambassador, celebrity branding
Organisasjon Israels offentlige kringkastingsselskap, Keshet 12, Keshet, Yes, Hot, ZOOM, Kan 11
Religion kristendom, katolisisme, Jødedommen
Lucy Ayoub på Commons

Lucy Ayoub (fødd 21. juni 1992) er ein israelsk TV-programleiar, skribent og radiovert. Ayoub var ein av programleiarane i Eurovision Song Contest 2019 saman med Assi Azar, Erez Tal og Bar Refaeli.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ayoub vart fødd i Haifa i Israel. Faren er arabisk-kristen, medan mora er ein askenasisk jøde som seinare konverterte til kristendomen.[2][3]

Ayoub tenestegjorde to år i det israelske forsvaret som flysimulator-instruktør i luftforsvaret.[4] Frå 2016 studerte ho filosofi, økonomi og politikk ved Universitetet i Tel Aviv.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 2016 vart Ayoub kjend i Israel då ho las fleire av dikta sine i ei israelsk slampoesi-tevling. Same året byrja ho å jobba for Israel Broadcasting Authority (IBA) og skreiv manus og laga videoar. I 2017 vart Ayoub programleiar for eit vekentleg kulturprogram på israelsk radio og ho vart samstundes programleiar for kulturprogrammet Culture Club på tv-kanalen Kanal 11.

Ayoub las opp dei israelske jurypoenga i Eurovision Song Contest 2018, noko som fekk mediemerksemd etter at den israelske kulturministeren Miri Regev kritiserte ho for å snakka arabisk under sendinga og utan å nemna Jerusalem.[5][6]

Under Eurovision Song Contest 2019 var Ayoub programleiar i green room saman med Assi Azar, medan Erez Tal og Bar Refaeli var hovudprogramleiarar.[7][8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]