Ludašsjøen

Koordinatar: 46°06′N 19°49′E / 46.10°N 19.82°E / 46.10; 19.82
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludašsjøen
innsjø
Satellittbilete
Land  Serbia
Innsjøtype eolisk
Tilsig Kireš og Čurgo
Utløp Kereš
Høgd over havet 93 moh.
Lengd 4,5 km
Areal 3,28 km²
Middeldjupn m
Største djupn 2,5 m
Koordinatar 46°06′N 19°49′E / 46.10°N 19.82°E / 46.10; 19.82
Kart
Ludašsjøen
46°06′N 19°49′E / 46.1°N 19.82°E / 46.1; 19.82
Wikimedia Commons: Ludaš Lake

Ludaš eller Ludošsjøen (serbisk Ludaško/Ludoško jezero, ungarsk Ludas) er ein grunn innsjø i provinsen Vojvodina nord i Serbia, nær Subotica. Han er ein del av eit naturreservat og sidan 1977 vore ein Ramsarstad. Namnet kjem frå det ungarske ludas, som tyder 'gås'.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen ligg 12 km søraust for Subotica, 10 km frå motorvegen E75, nær landsbyane Šupljak og Hajdukovo. Han er om lag 4,5 km lang, og strekkjer seg frå nord til sør. Han ligg i eit sandete terreng mellom elvane Donau og Tisza ved grensa til løssplatået Bačka. Den nordlege delen er breiare og myrlendt, medan den sørlege delen er omgjeve av 3-4 meter høge breidder av løss. Botnen av innsjøen består av kvit leire dekt av gjørme. Vatnet er grunt og middeldjupna er berre 1 meter og den største djupna 2,25 meter. Han frys til tre månader av året og om sommaren kan vasstemperaturen nå så høgt som 30 °C.

Innsjøen har eolisk opphav og botn vart danna for om lag ein million år sidan, då vind skapte sanddyner langs leirplatået. Før området vart vassregulert, var innsjøen ei myr som fekk vatn frå fleire små, naturlege kjelder. Vatnet renn ut frå innsjøen i elva Kereš, som er ei sideelv til Tisza. I dag får innsjøen òg vatn frå kanalane Palić-Ludaš og Bega.

Biologisk mangfald[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen og omgjevnadane inneheld mangfaldige habitat (akvatisk, myrlendt, enger og stepper) med mange plante- og dyreartar. Det finst mykje av ein spesiell orkidé (Anacamptis laxiflora) på engene rundt innsjøen. Fleire andre sjeldne planter finst her òg som astragel (Astragalus exscapus), kubjøller (Pulsatilla pratensis), salvie (Salvia austriaca) og gravmyrt (Vinca herbacea).

Det er registrert 214 forskjellige fugleartar her, 140 av dei er verna. Dei fleste artane er trekkfuglar. Det rike fuglelivet er ei av hovudårsakene til at området er verna. Skjeggmeis er den sjeldnaste av fuglane her, medan kvithovudand, kvitaugeand og tamarisksongar er nokre av fuglane som står på raudelista.

Av dyreliv på land finn ein om lag 20 artar, mellom anna oter som er nær utrydda i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]