Ludgate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ludgate var i tidlegare tider den vestlegaste av portane i bymuren i London. Ei segn fortel at porten blei bygd av kong Lud ein gong før romarane kom til byen. Meir sannsynleg er det at namnet er avleia av «Floodgate», og at porten blei bygd for å hindre at elva Fleet fløymde inn i byen.

Den franske kronikøren William de Jumieges skriv at Ludgate blei opna for Wilhelm Erobraren av kollaboratørar rett etter Slaget ved Hastings, og at Wilhelm først kunne overta byen etter harde gatekampar med londonbuarane.

Ludgate blei ombygd i 1215, kanskje med stein frå hus som hadde høyrt til jødar som var blitt fordrive frå riket, for då porten på nytt blei ombygd på 1600-talet, kom det til syne stein med hebraiske bokstavar på. Som det var vanleg fleire stader i London, tente porthuset som fengsel. På slutten av 1300-talet var Ludgate først og fremst eit gjeldsfengsel.

Ludgate blei saman med fleire andre byportar rivne i 1760 for å gi plass til den aukande trafikken inn og ut av byen. Namnet lever vidare i gata Ludgate Hill.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]