Ludvig Daae (1834–1910)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ludvig Daae (1834–1910)
Ludvig Ludvigsen Daae2.png
Ludvig Daae på sine eldre dagar.
Nasjonalitet Flag of Norway.svg Noreg
Fødd 7. desember 1834
Aremark
Død

17. mars 1910
Kristiania

Utdanning Historie
Yrke Universitetsbibliotekar, professor
Ektefelle Johanne Sigvarda Koren
Ludvig Daae (1834–1910) på Commons

Ludvig Daae (fødd 7. desember 1834 Aremark prestegard, død 17. mars 1910 Kristiania) var ein norsk historikar. Han kalla seg ofte Ludvig Ludvigsen Daae for ikkje å bli forveksla med sine slektningar og namnebrør Ludvig Daae (1829–1893) og Ludvig Kristensen Daa (1809–1877). Ludvig Daae var universitetsbibliotekar 1869–1876 og professor i historie ved universitetet i Kristiania frå 1876 til han døydde. Som historikar var han først og fremst oppteken av Noregs historie under Danmark. Han stod for eit konservativt og danskvennleg syn, i motsetnad til Ernst Sars’ negative syn på dansketida.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Ein bibliografi over Daaes skrifter og avhandlingar er i 3. utgåve av Det gamle Christiania, publisert 1924.

  • Norske bygdesagn (1870)
  • Det gamle Christiania (1871)
  • Historiske Skildringer (1873–1878)
  • «Fru Inger Ottesdatter og hendes døtre» I: Historisk tidsskrift; bd 3. 1874
  • Norges Helgener (1879)
  • Nordmænds Udvandringer til Holland og England i nyere Tid: et Bidrag til vor Søfarts Historie (1880)
  • Paul Botten Hansen (1888)
  • En Krønike om Kvinesdal (1894)
  • En Krønike om Erkebiskopperne i Nidaros (1897)
  • Norske specielt bergenske Apotheker: historiske Oplysninger (1898)
  • Om Stavanger stift i middelalderen (1899)
Utgjeve posthumt