Ludvig Field

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludvig Field
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. januar 1862
Rakkestad kommune
Død

17. januar 1944 (81 år)

Yrke byggmeister, forretningsdrivande

Ludvig Johannesson Field (27. januar 186216. januar 1944) var ein norsk forretningsmann frå Rakkestad i Østfold.

Field var son til ein sjølveigarbonde. Sjølv gjekk han underoffiserskulen til kavaleriet. I 1886 reiste han til Nord-Amerika og vart der verande i ti år. Etter ei tid i Noreg att, reiste han til Sør-Afrika. Der arbeidde han i gullgruvene i Transvaal inntil boarkrigen braut ut og stansa verksemda. I byen Nejlstrom byrja han då med treskeverk drive av ein lokomobil som han hadde importert frå USA. Med det farta han rundt og treskja korn på gardane. Etter boarkrigen bygde han opp mylne, smie og vognfabrikk. Han kjøpte også jord og dreiv oppdrett og handel med husdyr og landbruksprodukt. I mange år stod Field som entreprenør av veganlegg. Også på Madagaskar hadde han verksemd.

Gravsteinen over Ludvig Field

Field var medlem av byrådet i Nejlstrom 20 år og var borgarmeister i fire år. Han kosta både rådhuset og kyrkja i byen. Gjennom åra la han seg opp ein formue, og oppretta fleire legat i Noreg. Det fyrste legatet i 1926 var på 100 000 kroner, og i 1932 endå eit i same storleik.

Field reiste ofte i både Afrika, Asia og Europa, og var heim til Noreg fleire gongar. I 1937 slo han seg ned i Rakkestad, og same året oppretta han eit legat på kroner 300 000. I alt gav han heimbygda kroner 780 000. Heradsstyret i Rakkestad vedtok i 1937 samrøystes å utnemne han til æresborgar av Rakkestad.

I 1934 vart Field utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Gravferda hans i 1944 vart kosta av kommunen, som reiste ein bauta på grava.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk Allkunnebok. IV. bandet. 1953