Ludvig Hope

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludvig Hope
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. januar 1871
Masfjorden kommune
Død

26. oktober 1954 (83 år)
Oslo

Yrke skribent, predikant

Ludvig Hope (17. januar 187126. oktober 1954) var ein norsk predikant og kristenlivsleiar.

Hope var fødd i Masfjorden kommune. Han vart i ung alder omvendt til kristen tru og byrja som 19-åring som reisepredikant for det som då heitte Det norsk-lutherske Kinamissionsforbund, som seinare vart til Norsk Luthersk Misjonssamband. Han var generalsekretær i same organisasjon mellom 1931 og 1936.

Hope høyrde til den kyrkjekritiske delen av lekmannsrørsla, og er kjend for foredraget sitt i 1906 der han kravde at lekmenn fekk rett til å dele ut nattverd.

Under 2. verdskrigen vart det på grunn av den tyske okkupasjonen av Noreg inngått nye mellombels alliansar innan kristen-Noreg. Hope og professor Ole Hallesby, som høyrde til den konservative delen, samarbeidde med den liberale fløya, og vart ein del av den nasjonale motstandskampen. Dei to samarbeidde tett med biskop Eivind Berggrav og utgjorde leiinga av det som vart kalla Den mellombelse kyrkjeleiinga.

Hope vart arrestert av tyskarane og sett på Grini fangeleir frå 13. mai til 30. august 1943.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]