Ludvig Kristensen Daa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludvig Kristensen Daa

Fødd19. august 1809
Saltdal
Død12. juni 1877
Christiania
NasjonalitetNoreg
Yrkehistorikar, redaktør, politikar, arkivar, journalist
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
Bergen Katedralskole
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Ludvig Kristensen Daa (19. august 180912. juni 1877) var ein norsk historikar, journalist og politikar. Daa kan forvekslast med sine slektningar Ludvig Daae og Ludvig Daae (1834–1910).

Liv[endre | endre wikiteksten]

Daa var fødd i Saltdal, der far hans var prest. Han gjekk på Bergens katedralskule, der han vart student i 1826. Det påfylgjande året var han huslærar hos statsråd C. Krogh i Trondheim, deretter lærar ved Møllers institutt i Kristiania. I 1834 vart han cand. philol. ved universitetet.

I 1830-åra stod Daa saman med Henrik Wergeland i spissen for fornorskinglinja mellom studentane, og hevda utprega liberale synspunkt.

1835-37 var han konstituert dosent i historie og geografi ved universitetet. Han var einstemmig innstilt til dosenturet, det gjekk i staden til Peter Andreas Munch. Daa la då ut på reise til London og Paris for å studere statsøkonomi. Han søkte i 1837 stilling som lærar i statistikk, og vart innstilt av kollegiet, men jobben gjekk til Anton Martin Schweigaard.

Han var så statsrevisor 1839-51, og stortingsarkivar 1845-71. Samstundes, 1852-62, arbeidde han som adjunkt og overlærar ved Kristiania katedralskole. I 1862 vart han lektor og i 1867 professor i historie. Han var styrar av etnografisk museum frå 1863. Daa skreiv verk som omhandla historie, etnografi, geografi og om samfunnsøkonomiske spørsmål.

Daa hadde størst innverknad som journalist og politikar. 1840-43 gav han ut bladet Granskeren, eit organ som arbeidde for å danne ein sterk liberal opposisjon og for innføring av reformer i europeisk «nasjonalliberal» retning.

I 1842 og 1845 hadde Daa sete i stortinget for Akershus amt, i 1845 var han odelstingspresident og formann i konstitusjonskomiteen. År 1854 representerte han Kristiania på stortinget, var då formann i komiteen om stortingsbygniga. På stortinget slutta Daa seg til bondeopposisjonen og var ei tid ein av dei leiande i denne. I fleire viktige saker tok han avstand frå bondegrupperinga, sidan denne i hovudsak kjempa for sine standsinteresser. Han kom slik på kant med andre i opposisjonen og låg jamnt i strid i pressa. Ved stortingsvala for 1865-66, 1868-69 og 1871-73 nådde han ikkje høgare enn 1. varamannsplass.

Daa heldt fram som journalist livet ut, dels som redaktør for Christianiaposten, dels som utgjevar av Den norske tilskuer (1851-53) og Tidstavler (1872-76). I sine artiklar i Christianiaposten viste han stor forståing for arbeidarrørsla 1848-49 og støtta tanken om delinga av Slesvig etter nasjonalitetsprinsippet, sjølv om han var ivrig skandinavist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914