Ludvig Larsen Kragtorp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludvig Larsen Kragtorp
Fødd14. november 1862
Rødenes kommune
Død25. februar 1928 (65 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, lege
Alle verv

Ludvig Larsen Kragtorp (fødd 14. november 1862 i Rødenes i Østfold, død 25. februar 1928)[1] var ein lege og Venstre-politikar.

Faren Hans Larsen var lærar og kyrkjesongar i Rødenes. Kragtorp sjølv gjekk Asker seminar 1880-81 og vart student i 1884. Han var lærar ved Smaalenenes amtsskole 1885-86. Deretter studerte han medisin og vart cand. med. i 1892. Sidan var han privatlege i Høland i 1893, kommunelege i Spydeberg 1893-1912, samt direktør i Abnormskolevæsenet 1913-28.

Kragtorp var ordførar i Spydeberg 1904-07, og formann i skulestyret 1899-1903. Han var innvald på Stortinget frå Eidsberg krins i Østfold frå 1906 til 1915. Åra 1906-12 var han medlem av og 1913-15 sekretær i militærkomiteen. Han var medlem av departementskomitear om høvesvis medisinaltakstane og i 1913 om sinnssjukeasyla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  1. Haffner, Vilhelm (1949). Stortinget og statsrådet: 1915-1945. Oslo: [Aschehoug]. s. 31. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]