Ludvig Leth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ludvig Leth
Fødd 19. august 1836
Molde
Død

19. november 1902
Molde

Yrke politikar

Ludvig Arnoldus Leth (19. august 183619. november 1902) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Molde.

Leth vart student i 1853 og cand. jur. i 1857. Sakførarfullmektig i 1858, i perioden 1859-64 var han fullmektig ved kontoret for Romsdals amt i heimbyen Molde. Underrettssakførar i Molde frå 1863. Han vart utnemnd til fut i Romsdal i 1877. Frå 1893 til han tok avskjed i 1902 var han amtmann i Romsdals amt.

Leth kom med i Molde bystyre i 1862, ordførar i fleire år. Han var formann i Romsdal Sparebanks styre frå 1866, og formann i matrikkelkommisjonen for Sunnmøre. Leth var med i nokre statsoppnemnde kommisjonar, så som leiglendingskommisjonen 1879 og væreigarkommisjonen 1884. Formann i vestenfjeldske embetsgardskommisjon.

1874-76 var Leth Ålesund og Molde sin representant på Stortinget. Han var då sekretær i stortinget, samt medlem av vegkomiteen i 1874 og av budsjettkomiteen 1875-76. I stortingsperiodane 1871-73 og 1877-79 var Leth suppleant for same valkrinsen.

Han døydde i fødebyen i 1902.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]