Ludvig Næss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ludvig Næss
Fødd12. august 1864
Statsborgar avNoreg

Ludvig Næss (12. august 186415. april 1921) var ein norsk pressemann og politikar frå Larvik. Han var stortingsmann for Venstre åra 1916-18.

Næss var son til ein politimann. Sjølv tok han underoffiserseksamen i 1884 og arbeidde på sakførarkontor frå 1888. Frå 1891 styrte han avisa Østlandsposten i Larvik som medeigar i avisa, frå 1896 eineeigar. Sidan var han også redaktør i Østlandsposten.

Næss var medlem i Larvik bystyre 1889-1904 og 1910-19. Han var varaordførar 1911 og ordførar 1912-16. Perioden 1900-03 var han varamann til Stortinget frå bykrinsen Larvik og Sandefjord. Over ti år seinare vart han vald til å representere krinsen på Stortinget 1916-18. Han var då medlem i Tollkomiteen. Nesten heile 1918-sesjonen var han permittert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]