Ludvig O. Bauer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludvig O. Bauer

Ludvig O. Bauer
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. oktober 1866
Kongsberg kommune
Død

16. juli 1929 (62 år)

Yrke Lokomotivfører

Ludvig O. Bauer (fødd 29. oktober 1866Kongsberg, død 28. august 1929) var ein norsk lokomotivførar og fagleg tillitsmann, frå 1901 til 1908 formann i Norsk Lokomotivmannsforbund.

Bauer var son av ein lokomotivførar, Lars Olsen Bauer, og byrja sjølv ved jarnbana som ung gut i 1882. I 1893 hadde han vorte lokomotivførar, og i 1918 avanserte han til lokomotivkontrollør. Han jobba ved jarnbana til han seksti år gammal gjekk av som pensjonist i 1926.

Bauer var med på å stifte 1. distrikt av lokomotivpersonalet sin samskipnad i oktober 1893, og vart då nestformann i samskipnaden. I 1897 deltok han på den første skandinaviske konferansen av lokomotivpersonale, avvikla i Stockholm. Han var òg tidleg ute med å reise kravet om spesiell utdanning for lokomotivførarar, eit krav forbundet seinare prioriterte sterkt.[1] Han vart vald til formann i samskipnaden stt 1. distrikt, og var mykje med både i Norsk Lokomotivmannsforbund og i det skandinaviske samarbeidet.[2]

Etter at han vart formann i NLF i 1901 var han sentral i lokomotivførerarane sin lønnsaksjon i 1906.[2] Då han gjekk av som formann i 1908 heldt han fram som forretningsførar, og opprettheldt difor ei sentral rolle i forbundet.[2] Han sat i stillinga som forretningsfører til 1916.

Då han fekk stilling som lokomotivkontrollør kunne han ikkje lengjer vere medlem av NLF. Han fekk likevel æresmedlemskap i samskipnaden til Kristianiaa distrikt, fram til æresmedlemsskapet vart trekt tilbake i 1922, etter det som vart sagt på grunn av framferda hans under jernbanestreiken.[2] Bauer meinte sjølv han ikkje hadde oppført seg klanderverdig, men han nådde ikkje fram med argumentasjonen sin då han tok dette opp med forbundet.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ludvig O. Bauer», side 193, Olaf Ingebretsen: Først i sporet gjennom 100 år. Norsk lokomotivmannsforbund 1893-1993, Notabene Forlag, Oslo 1993
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Ludvig O. Bauer», side 137, Alfred Skar: Norsk Lokomotivmannsforbund gjennom 60 år, NLF, Oslo 1953

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Ludvig O. Bauer», side 137, Alfred Skar: Norsk Lokomotivmannsforbund gjennom 60 år, NLF, Oslo 1953
  • «Ludvig O. Bauer», side 193, Olaf Ingebretsen: Først i sporet gjennom 100 år. Norsk lokomotivmannsforbund 1893-1993, Notabene Forlag, Oslo 1993