Ludvig Strømme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ludvig Kristoffer Olavius Strømme (21. juli 18348. mars 1913) var ein lærar, prest og politikar. Han var fødd i Ørskog og døydde i Bergen. Lars Strømme var far hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Strømme gjekk Klæbu seminar, fekk der sitt vitnmål i 1854. Dei neste åra fram til 1860 var han lærar. Frå 1862 var han student, uteksaminert cand. theol. frå universitet i hovudstaden i 1866. Ei tid lærar ved Kristiania tukthus. Deretter sokneprest i to prestegjeld i Finnmark, fyrst i Kautokeino 1867-70 og så Talvik 1870-77. 1877-83 var han sokneprest i HerøySunnmøre. I den lange perioden 1883-1910 var han sokneprest i Selje i Nordfjord, fjorten av åra var han prost i Nordfjord.

Strømme var ordførar både i Kautokeino og i Talvik. I dei to stortingsperiodane 1892-94, 1895-97 stod han på fyrste varaplass, møtte på tinget både i 1893, -94, -96, -97. Fast stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus 1898-1900. 1893-94 var medlem av næringskomite nr. 1, på dei seinare tinga var medlem av protokollkomiteen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914