Ludvik Furnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ludvik Furenes)
Ludvik Furnes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. februar 1883
Død

5. november 1966 (83 år)

Yrke forretningsdrivande

Ludvik Larsson Furnes (18831966) var ein pionér innan rekefiske frå Furenes ved Brandangersundet i Gulen kommune. Han gjekk under tilnamnet «Rekekongen».

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Ludvik Furnes vart fødd på Furenes, og tok over farsgarden i ung alder. Han og broren Truls studerte rekefiskinga til eit par haugesundarar som var komne til Gulen. Dei brukte ein liten dampbåt, og var stasjonerte hos Otto Schreuder i Skjerjehamn. Dette gav Ludvik Furnes idéen til å driva rekefiske sjølv. I 1909 sette Ludvik Furnes motor i ein gamal båt, «Ampløy», og han brukte denne til reketråling. Då fiskinga vart vellukka, skaffa han seg betre utstyr. I 1912 vart han den fyrste som tok til med rekefiske nord for Stad. Furnes reiste heilt opp til grensa til Russland for å tråla etter reker. Han skal også ha drive laksehandel med samar og finnar.

Reker, sild og treverk[endre | endre wikiteksten]

Det var fleire på Furenes som tok etter Ludvik og skaffa seg reketrålarar sjølve. Ei stund var det ein heil flåte som dreiv rekefiske derifrå, og Furenes vart eit senter for rekefiske på Vestlandet. Ludvik Furnes fekk fire søner, som også skaffa seg eigne rekebåtar når dei vart gamle nok. Dei heldt på med rekefisket til dei vart pensjonistar.

Opp gjennom åra eigde Ludvik Furnes 16 båtar. Han sette også opp buer for salting av sild på Furnes i 1915. Store båtar kom jamleg innom for å henta sild, og mange i grenda vart sett i arbeid med silda. Ludvik installerte telefon på Furnes i 1916, som ein av dei fyrste i området. Han var også med på oppstartinga av to hermetikkfabrikkar; ein i 1934 på Bessaker i Roan, og den andre i 1936 i Vadsø.

Under andre verdskrigen måtte Furnes leggja ned fisket for ei stund av di farvatnet vart strøydd med miner og vrakrestar. Då starta han i staden opp med sagbruk for fiskekasseproduksjon i heimbygda, trelasthandel og bygging av fiskebåtar. Mange lokale båtar vart påbygde og ombygde i denne tida.

Reinsking[endre | endre wikiteksten]

Då Ludvik Furnes til slutt gav seg med fisket på grunn av sviktande syn, starta han ein fabrikk for reinsing og pakking av reker i ei av sjøbuene på Furnes, der han sjølv var med og arbeidde. Fabrikken frakta ferdighandsama reker til Kavli-fabrikkane i Bergen, og til Sverige. Dette gav mange arbeidsplassar til kvinnene på Furnes.

På dødsleiet sitt i 1966, skal han ha sagt til dei som stod ved senga: «Gje aldri opp, stå på!»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]