Ludwig Mies van der Rohe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ludwig Mies van der Rohe
Mies van der Rohe Portraet 1934.jpg
Fødd 27. mars 1886
Aachen
Død

17. august 1969
Chicago

Yrke arkitekt, designar
Ludwig Mies van der Rohe på Commons
Seagram-bygningen i New York stod ferdig i 1958

Maria Ludwig Michael Mies van der Rohe (27. mars 188617. august 1969) var ein tysk arkitekt og arkitekturteoretikar, fødd i Aachen i Nordrhein-Westfalen og død i Chicago i USA.

Mies arbeidde i yngre år i familien sitt steinhoggeri. Han var deretter arkitekt hos Bruno Paul og seinare hos Peter Behrens i tida 1908-12. Påverknad frå Behrens ført til at Mies vende seg mot avanserte konstruksjonar, kombinert med prøyssisk klassisisme. Samstundes tok han sterkt inntrykk frå russisk konstruktivisme og De Stijl, men også frå Karl Friedrich Schinkel. Han var ein pådrivar for danninga av arkitekturforeining Der Ring.

Gjennom 1920- og 1930-talt utvikla Mies ein omfattande arkitekturteori, og påverka samtida sterkt gjennom sine posisjonar ved Bauhaus og som kunstnarleg leiar av Werkbund-projektet Weissenhof. Under den berømte parolen Less is more var Mies talsmann for ein enkel, velproporsjonert arkitektur som tydeleg og overbevisande synte både materialar og form.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]