Hopp til innhald

Ludwigsburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludwigsburg
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Baden-Württemberg
Region Stuttgart
Landkreis Ludwigsburg
Høgd 295 m
Areal 43,34 km²
Folketal 94 859 (31. desember 2023)
Grunnlagd Byrjinga av 1700-talet
Postnummer 71634–71642, 71672
Retningsnummer 07141, 07144
Bilnummer LB
Kart
Ludwigsburg
48°53′51″N 9°11′31″E / 48.8975°N 9.1919444444444°E / 48.8975; 9.1919444444444
Wikimedia Commons: Ludwigsburg

Ludwigsburg er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 100 000 innbyggjarar. Byen er sete for ein landkreis med same namn og ligg om lag 12 km nord for sentrum av Stuttgart.

Sentrale delar av Neckarland, der Ludwigsburg ligg, var busett i steinalderen og bronsealderen, og ein har funne mange arkeologiske funn rundt i byen frå tida då keltarar budde her.

Mot slutten av det 1. hundreåret okkuperte romarane området. Dei pressa grensa lenger aust rundt år 150, og kontrollerte området fram til 260, då alemannarane erobra Neckarland.

Ludwigsburg har sitt opphav frå byrjinga av 1700-talet (1718–1723) då det største barokke slottet i Tyskland vart bygd, Residenzschloss Ludwigsburg, under hertug Eberhard Ludwig. Opphavleg planla hertugen berre eit ferieslott, som han byrja på i 1704. Men etter å ha sett andre fyrstar gjere det same, ville han opprette ein by som han kunne styre på sin autokratiske måte.

Residensslottet i Ludwigsburg.
Foto: Alexander Migl

I åra mellom 1730 og 1800 skifta slottet eigarar fleire gonger mellom Stuttgart og Ludwigsburg. I 1800 vart Württemberg okkupert av Frankrike under Napoleon Bonaparte og vart tvinga med i ein allianse. I 1806 vart kurfyrsten Friedrich konge av Württemberg. I 1812 vart hæren i Württemberg danna for å delta i Napoelon sitt feltog i Russland. Dei fleste av soldatane overlevde ikkje.

I 1921 vart Ludwigsburg den største garnisonen sørvest i Tyskland.

Under den andre verdskrigen vart byen berre moderat råka, samanlikna med mange andre tyske byar. 1 500 innbyggjarar mista livet. Ein krigsfangeleir kalla Stalag V-A låg i byen frå oktober 1939 til april 1945.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Ludwigsburg