Lufjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hanpo-passet i Lu-fjella.

Lufjella (forenkla kinesisk 庐山, tradisjonell kinesisk 廬山, pinyin Lúshān, gan Lu-san), tidlegare også kalla Kuanglu (匡庐) er ei gruppe fjell nord i Jiangxi-provinsen i sentrale Kina. Dei er kjende for naturvenleiken sin, ei rekkje buddhist- og taoist-tempel,[1] og konfutsianske landemerke.[2] Fjella dannar ein oval som er rundt 25 km lang og 10 km vid. Dei har elva Chang Jiang i nord og Poyangsjøen i aust.[2] I nord ligg byen Jiujiang og i sør Nanchang.

Lu-fjella er ein del av Lushan nasjonalpark, som blei oppført på UNESCO si liste over verdsarv i 1996.[2] Det høgaste punktet er Hanyang-toppen (大汉阳峰) på 1 474 moh.[2]

Fjella har ei viktig andeleg stilling i kinesisk kultur.[2] Dei har alltid vore eit populært reisemål og er ofte nemnde i kinesisk litteratur. Forfattarar som har omtalt fjella er mellom anna Tao Yuanming, Bai Juyi, Su Dongpo og Mao Zedong.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Næverdal, Cato (14. februar 2009). «Jiangxi». Store norske leksikon. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Lushan National Park». 
  3. Göran Malmqvist, Den långa marschen: Maos 38 dikter (Wahlström & Widstrand, 1973), s. 80-82.