Luftfartsverket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Luftfartsdirektoratet)
Luftfartsverket

Skipa1. juli 1947
Etterfylgjar(ar)Avinor, Luftfartstilsynet
LandNoreg[1]

Luftfartsverket var ei forvaltingsverksemd under Samferdsledepartementet som tidlegare stod for luftfartsmessig infrastruktur i Noreg, det vil seie drifta av lufthamner (flyplassar) og lufttrafikktenester. Frå 1. januar 2000 vart Luftfartsverket delt ved at Luftfartstilsynet vart skipa for å ta seg av oppgåvene som ikkje hadde å gjere med med eigarskapet og difta av flyhamnar og det som høyrer med til dette. Luftfartsverket vart lagt ned som forvaltingsverksemd frå 1. januar 2003, og oppgåvene lagt til det nyskipa aksjeselskapet Avinor AS med staten ved Samferdsledepartementet som einaste eigar.

Forløparen til Luftfartsverket var Luftfartsdirektoratet, som vart skipa som eit frittståande direktorat under Samferdsledepartementet i 1946, etter å ha vore eit organ under Forsvarsdepartementet med namnet Norges luftfartsstyre. I 1978 vart namnet på Luftfartsdirektoratet endra til Luftfartsverket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 8009, Wikidata Q7061260