Luftskipet «Hindenburg»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Det 245 meter lange, tyske luftskipet «Hindenburg» fortøydd på Lakehurst Naval Air Station, luftskipsstasjonen ved Lakehurst i New Jersey i USA, 1936. Fartøyet er merkt med det nasjonalsosialistiske Tysklands hakekorsflagg og dei olympiske ringa frå SOMMER-OL 1936 i Berlin.

LZ 129 «Hindenburg» var eit tysk luftskip som vart bygd i 1935. Saman med søsterskipet «Graf Zeppelin» er det det største luftfartøyet som nokon gong er laga. Det vart verdskjent då hydrogengassen eksploderte og luftskipet forliste i den såkalte «Hindenburg»-ulykken i New Jersey i USA 6. mai 1937. Denne hendinga førde til at ein slutta å bruka luftskip til transport. «Hindenburg» vart kalla opp etter Tysklands andre president, Paul von Hindenburg.

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Luftskipet LZ 129 «Hindenburg» under bygging i stålkrybbe ved luftskipsverftet Luftschiffbau Zeppelin i Friedrichshafen i Tyskland. Konstruksjon og bygging føregjekk frå 1931 til byrjinga av 1936.
Interiør frå luftskipet som viser passasjersalongen i gondolen under lovnadsskroget. Skipet kunne ta 72 passasjerar (50 på transatlantiske flygingar).
Douglas-fly frå den amerikanske kystvakta geleidar «Hindenburg» ved tilkome til Lakehurst etter den første flyturen frå Friedrichshafen tidleg 9. mai 1936. I bakgrunnen sest luftskipet «Los Angeles» frå det amerikanske sjøforsvaret.
Samanlikning av storleikar: • «The Pentagon», 431m (lys blå) • RMS «Queen Mary 2»: 345m (rosa) • USS «Enterprise»: 342m (gul) • Luftskipet «Hindenburg»: 245m (grøn) • «Yamato» (1940): 263m (mørkblå) • Empire State Building: 443m (grå) • Supartankaren «Knock Nevis»: 458m (raud)













Luftskipet «Hindenburg» hadde heilt ny design laga av 100 % duralumin. Skipet var 245 meter langt, 41 meter i diameter og innehalde 200 000 gass i 16 celler med ei samla lyftekraft på 112,1 tonn. Motorane var fire 1200 hestekrefters (890 kW) dieselmotorar frå Daimler Benz, noko som gav den ein toppfart på 135 km/t.

Luftskipet kunne ta 72 passasjerar (50 på transatlantiske flyvningar) og hadde eit mannskap på 61. Av aerodynamiske grunner var passasjerlugarane plassert inne i skroget i staden for i gondolen. Skipet var konstruert av Luftschiffbau Zeppelin i 1935 til ein kostnad på ein halv million engelske pund. Jomfruturen vart gjennomførd i mars 1936.

«Hindenburg» var eigenleg designa for å bruka helium som eit brannsikkert lag rundt hydrogenet, dvs kvar celle skulle ha hydrogen i midten og helium ytterst, for å hindra brann. Men amerikanske styresmakter hadde innført ein handelsboikott mot Tyskland som omfatta helium, og dette førde til at tyskarane måtte nytta berre den svært brennbare hydrogengassen som lyftekraft. Sidan hydrogen har noka høgare lyftekraft enn helium, kunne nyttelasta aukast noko og nokon passasjererlugarer vart lagt til. Tyskarane hadde tidlegare røynsle med å bruka hydrogen i luftskip, slik at tyske ingeniørar berre la til nokre ekstra tryggleiksfunksjonar. Dei var så sikre på at skipa var trygt, at dei til og med utstyrde «Hindenburg» med eit røkerom.

Vellukka fyrste år[endre | endre wikiteksten]

«Hindenburg»s karriere bygde på søsterskipet «Graf Zeppelin» som allereie hadde floge dryge 2,5 millionar kilometer. I løpet av sit første driftsår 1936 fløy «Hindenburg» 308 322 kilometer og frakta 2 798 passasjerar, 160 tonn gods og post. I løpet av året gjennomførde luftskipet 17 transatlantiske turar, (sju til Brasil og ti til USA). I ein rekordflyvning i juli 1936 flaug den tur-returen over Atlanterhavet på 5 dagar, 19 timar og 51 minutt. Den tyske bokseren Max Schmeling var då ein av passasjerane, og han fekk ein varm velkomst i Tyskland etter å ha slått amerikanaren Joe Louis.

Den 1. august 1936 var «Hindenburg» til steda under opninga av sommer-OL i Berlin. Kort tid før den tyske føraren Adolf Hitler kom stadion, kryssa luftskipet over med det olympiske flagga hengjande etter.

Hindenburg-katastrofa[endre | endre wikiteksten]

Hydrogengassen i «Hindenburg» eksploderer ved fortøyningsmasta i New Jersey i USA 6. mai 1937. 36 menneske omkom. Tillita til luftskip for passasjertrafikk vart knust og trafikken opphøyrde.

Den 6. mai 1937 klokka 18:25 lokal tid tok luftskip «Hindenburg» fyr då det nærma seg fortøyningsmasten ved Lakehurst Naval Air Station i New Jersey i USA. Flammene starta ved akterenden og i løpet av 37 sekund var luftskipet overtent. Av dei 97 personane om bord, døydde 35 (av desse var 13 passasjerar og 22 mannskap). Ein av bakkemannskapa døydde òg, slik at den endelege mengda omkomne vart 36.

Ulukkesstatistikk og følgjer[endre | endre wikiteksten]

Det var fleire luftskip-ulukker, dei fleste på grunn av uvêr, men ingen med zeppelinere før ulukka med «Hindenburg». Zeppelinerne hadde ein imponerande tryggleiksstatistikk. Luftskipet «Graf Zeppelin» hadde floge 1,6 millionar kilometer medregnet ei ferd Jorda rundt. Zeppelin-selskapet var svært stolt over at ingen passasjerar nokon gong var vorten skadd på reiser med deres luftskip. Men «Hindenburg»-ulukka endra dette. Tillita til opinionen til luftskip vart knust av bileta og lydopptakene frå ulukka. Detta vart dermed slutten for passasjar-luftskipa.

Spekulasjonar om årsaka til ulukka[endre | endre wikiteksten]

Dei tre største spørsmåla om Hindenburg-ulukka er:

  1. Korleis starta brannen?
  2. Kva for ein material starta brannen i?
  3. Kva forårsaka den raske spreiinga av brannen?

Dei bakenforliggende årsakene til ulukka er framleis omdiskutert, og teoriane er ofte farga av politiske meiningar. Nokon spekulerer til dømes på om dei tyske styresmaktene på den tida skulda på brennbart hydrogen for å setja USAs heliumboikott i eit dårleg lys.

I byrjinga vart òg sabotasje ofte nemnt som årsak til brannen, spesielt av Hugo Eckener, ein tidlegare sjef i Zeppelin-selskapet og veteran i den tyske luftskipsindustrien. Zeppelinerne vart sett på som symbol for Hitler-Tyskland og ville difor ha vore eit naturleg mål for fiendane til nazistane. Noko bevis for sabotasje vart likevel aldri lagt fram under høyringane etter ulukka.

Ein annan tilhengar av sabotasjeteorien var Max Pruss, kaptein på Hindenburg då den var i drift. Pruss flaug nesten alle turane til «Graf Zeppelin» før «Hindenburg» var ferdig. I eit intervju med Kenneth Leish i Colombia's Oral History Research Office fortalde Pruss at han hadde ein sterk mistanke om sabotasje. Skipet hadde tidlegare vorte treft fleire gonger av lyn på turane til og frå Brasil.

Sjølv om det ikkje finst endelege bevis, er den meste anerkjende teorien i dag at skipet tok fyr etter oppbygging av statisk elektrisitet.

Ein annan teori seier at brannen starta inne i skipet, som følgje av at diesel lak og vart antent av dei varme eksosrørene, og dermed forårsaka eksplosjonen.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Ein myte seier at «Hindenburg» vart øydelagd på sin jomfrutur, men luftskipet hadde vore i trafikk nesten eit heilt år før ulukka hende.

«Hindenburg» var like lang som tre moderne Boeing 747-fly stilt opp etter kvarandre. Dagens moderne luftskip, som stort sett berre vert brukt i reklamesamanhengar, er ofte berre ein tidel av lengda til «Hindenburg».

Under sina første flyvninger hadde «Hindenburg» eit spesiallaget Blüthner-piano av aluminium om bord. Detta vart seinare fjerna og var ikkje om bord då ulukka hende.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]