Luftskipet «Norge»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luftskipet «Norge» på Ciampino-flyplassen i nærleiken av Roma i Italia i mars 1926.
Luftskipet «Norge» over Ekebergsletta i Oslo 14. april 1926.
Foto: Nasjonalbiblioteket
Luftskipet «Norge» fortøydd til masta på Ekebergsletta i Oslo 14. april 1926.
Foto: Nasjonalbiblioteket
Luftskipet «Norge» rett før avreisa frå Ny-Ålesund på Svalbard 11. mai 1926. Luftskipet vert halde ned mot jorda av menneska under det. Roald Amundsen står i døra på gondolen.
Foto: Nasjonalbiblioteket
«Norge» på russisk frimerke
Fortøyningsmasta i Ny-Ålesund på Svalbard.

Luftskipet «Norge» var eit luftskip bygt i Italia av den italienske ingeniøren og militære offiseren Umberto Nobile for å nyttast av Roald Amundsen og Umberto Nobile til ei ferd over Nordpolen, og slik verte dei fyrste som nådde polpunket. Ferda tok til 11. mai 1926 med Ny-ÅlesundSpitsbergen som utgangspunkt, og endte med havari utan personskade i Teller i Alaska 72 timar seinare, etter at polpunktet var passert 12. mai 1926 klokka 2.20.

På siste strekninga av ferda hadde tett skodde gjort det umogleg å sjå ned på isen eller få auge på eventuelle landområde. Skodda la dessutan ei hinne av is på luftskipet som tynga det ned, og isklumpar vart slynga frå propellane og inn på luftskipet, med fare for at det vart slege hol i duken på luftskipet. Etter at luftskipet hadde havarert, vart all gass tappa ut, og luftskipet vart liggjande på eine sida. Deretter vart det teke frå kvarandre, og delar av skjelettet sende til Italia, der det seinare vart nytta til bygging av Nobiles nye luftskip, «Italia».

På denne Nordpol-overfarten fekk menneske for fyrste gong sjå polpunktet, og det var òg fyrste gongen eit luftfartøy gjorde ei flyging mellom Europa og Amerika over Arktis.

Luftskipet «Norge» var 106 meter langt, hadde eit tverrmål på 26 meter og ei høgd på 24 meter. Skroget var av forsterka aluminiumskjelett dekt med gummistoff. Inne i skroget var det ein ballong som romma 19 000 m³ gass til oppdrift. Det vart nytta hydrogen. Under gassballongen var det ein open kjøl. Førargondolen og dei tre tyske Maybach-motorane på 245 hestekrafter kvar, var montert under skroget, ut frå kjølen. Mannskapet kunne gå frå gondolen til motorane for å vedlikehalde dei. Luftskipet kunne oppnå ei marsjfart på 80 km/t, og kunne bere 9 500 kg med last.

Luftskipet «Norge» flaug fyrste gongen i 1926. Det flaug òg for eigen maskin frå Italia til Ny-Ålesund før det la ut på ferda over Nordpolen, og kom fram til Ny-Ålesund 7. mai 1926. På strekninga frå Italia til Ny-Ålesund var det naudsynt med fleire opphald undervegs, og det måtte då vere fortøyningsmaster på desse stadene. Mastene som stod til rådvelde på strekninga, stod i Pulham i England og Gatchina utanfor Leningrad i Sovjetunionen, og turen gjekk difor innom desse stadene. I tillegg vart det naudsynt å sette opp nye master på Ekebergsletta i Oslo, i Vadsø og i Ny-Ålesund. I Ny-Ålesund vart det dessutan bygd ein mellombels hangar for å take vare på luftskipet fram til ein fekk sjå at tilhøva låg til rette for å leggje ut på Nordpolferda. Fortøyningsmastene i Vadsø og Ny-Ålesund står framleis, men masta på Ekebergsletta vart fjerna under andre verdskrigen. Hangaren i Ny-Ålesund fall saman etter ei tid, og er rydda vekk.

Mannskapet på Nordpolferda[endre | endre wikiteksten]

Alessandrini, Renato; riggar
Amundsen, Roald; ekspedisjonsleiar
Arduino, Ettore
Caratti, Atillio
Cecioni, Natale
Ellsworth, Lincoln; navigatør
Gottwaldt, Birger: sjef for radiotenesta
Horgen, Emil Andreas: luftskipsførar, siderorsoperatør
Malmgren, Finn: meteorolog
Nobile, Umberto; luftskipsførar
Omdal, Oskar: mekanikar
Riiser-Larsen, Hjalmar‚ luftskipsførar
Ramm, Fredrik; journalist
Storm-Johnsen, Fridtjof: telegrafist
Wisting, Oscar: rormann:
Pomella, Vincenco
Dessutan var Titina, hunden til Umberto Nobile, med på turen, då han alltid ville ha med seg hunden på ferdene sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]