Lugnasad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lugnasad (gammalirsk Lughnasadh [luɣnəsəð]; nyirsk Lá Lúnasa; skotsk gælisk Lùnastal) er ein keltisk festdag 1. august, oppkalla etter guden Lug. Månaden august, Lúnasa på moderne irsk, er kalla opp etter denne festen. Datoen 1. august er ei moderne oppfinning, opphavleg var det ein gong mellom 15. juli og 15. august. Festen var ein fest for innhausting og ein av dei fire festdagane, saman med samain (1. november), imbolc (1. februar) og bealtaine (1. mai).

Lugnasad er framleis ein festdag på Irland og nokre andre stader i Europa. Han kan markerast med bålbrenning og dansing. I nokre kyrkjer har ein for skikk å signa markene denne dagen.

1. august er nasjonaldag i Sveits og blir ofte feira med bål. Feiringa kan ha samanheng med dei gamle keltiske innbyggjarane i området som var kjend som helvetii. Også i Nord-Italia, som i Canzo, har ein liknande festar.

Høgtida blir også feira av nokre moderne nyheidenske religionar, som wicca. Ho blir då markert i byrjinga av august på den nordlege halvkula og i byrjinga av februar på den sørlege. Lugnasad er den første av tre hausthøgtider, dei andre er mabon og samhain.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • James MacKillop: Myths & legends of the Celts, Penguin, 2005