Lugo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lugo
Den romerske muren og domkyrkja
Den romerske muren og domkyrkja
Flagget til Lugo Byvåpenet til Lugo
Flagget til Lugo Byvåpenet til Lugo


Plassering
Lugo is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Galicia
Provins Lugo
Grunnlagd Første hundreåret fvt.
Borgarmeister José Clemente López Orozco
Geografi
Flatevidd
 - By

332 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

95 416
  287,4 /km²
Koordinatar 43°1′″N 7°33′″WKoordinatar: 43°1′″N 7°33′″W
Høgd over havet 465 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 27001 - 27004
Nettstad: http://lugo.gal/

Lugo er ein by nordvest i Spania i den autonome regionen Galicia. Han er provinshovudstaden i provinsen Lugo. Kommunen har kring 95 000 innbyggjarar og er den fjerde største i Galicia.

Lugo er den einaste byen i verda som er omgjeven av intakte bymurar frå romartida. Murane blei bygd på 200-talet, og er i dag rekna som ein verdsarvstad av UNESCO.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Renessansetårnet og apsisen på Lugo-katedralen.

Byen vart truleg grunnlag av keltarar. Seinare vart han erobra av Paulus Fabius Maximus og kalla Lucus Augusti i 13 f.Kr. ved ein romersk militærleir. Byen høyrte til den romerske provinsen Hispania Tarraconensis og var hovudbyen til caporane. Sjølv om han vart liten var han den viktigaste romerske byen i det som vart Gallaecia i romartida, setet for ein conventus, og ein av tre slike i Gallaecia. Seinare var han ein av to hovudstader i Gallaecia og gav namn til Callaïci Lucenses. Han låg midt i eit stort gullgruveområde, som i romartida var særs aktivt.

Baksida av Lugo-katedralen.

Lucus vart sete for ein biskop seint på 400-talet og var eit administrativt senter for suebane og vestgotarane, før han kom i forfall. Midt på 700-talet vart byen forlaten. På 900-talet vart det gjort forsøk på å gjenoppbygge byen, og seinare var Lugo med domkyrkja si eit valfartsmål lik Santiago de Compostela.

Med opprettinga av Lugo-provinsen i 1833 fekk Lugo klart større tyding enn jamstore byar i nærleiken, som Mondoñedo og Ribadeo. Utviklinga fortsette då jernbanen kom til byen i 1875. På 1970-talet gjekk byen gjennom utvikling som skipinga av industriområdet Ceao i 1979, og ein totalrenovasjon av bymurane. I 2000 blei dei romerske murane utropt til verdsarv av UNESCO.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Roman Walls of Lugo», unesco.org. Henta 10. mars 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lugo