Lugomir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lugomir (Лугомир)
elv
Land  Serbia
Nedslagsfelt 447 km²
Lengd 57 km
Kjelde Gledićke planine sentralt i Serbia
 - høgd 793 moh.
Munning Velika Morava, aust for Jagodina
Kart
Lugomir
44°01′00″N 21°18′00″E / 44.016666666667°N 21.3°E / 44.016666666667; 21.3

Lugomir (serbisk Лугомир) er ei elv sentralt i Serbia, og ei 57 km lang sideelv til Velika Morava frå høgre.

Lugomir har to kjeldeelvar, Dulenska reka og Županjevačka reka. Begge spring ut frå fjella Gledićke planine og renn saman ved landsbyen Beočić. Den lengste av desse er Dulenska reka (37,5 km). Sjølve Lugomir er berre 19,5 km lang. Ho munnar ut i Velika Morava nær landsbyen Ribari.

Lugomir drenerer eit område på 447 km² og nedslagfeltet høyrer til Svartehavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]