Luigiøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa til Zemlja Zitsjy i Frans Josefs land. Luigiøya er den vestlegaste av desse..

Luigiøya (russisk Остров Луиджи; Ostrov Luidzji) er ei øy i Frans Josefs land i Russland.

Luigiøya har ei overflate på 371 km² og er dekt av isbrear. Det høgaste punktet på øya er 442 meter over havet.

Luigiøya høyrer til Zitsjy Zemlja, ein undergruppe av Frans Josefs land. Det ligg smale sund mellom Salisburyøya i nordaust, Champøya i søraust og Luigiøya.

Den breie kanalen i vest vert kalla Markhamkanalen etter den britiske utforskaren admiral sir Albert Hastings Markham.

Luigiøya vart kalla opp etter den italienske fjellklatraraen og utforskaren hertug Luigi Amedeo av Abruzzi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]