Luigi Riva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Luigi Riva
Gigi Riva with Italy Team in Rome (ca. 1960s–70s).jpg
Fødd 7. november 1944
Leggiuno
Luigi Riva i landslagsdrakt i 1968

Luigi Riva (fødd 7. november 1944) er ein italiensk, tidlegare fotballspelar frå Leggiuno i Lombardia, også kjend som Gigi Riva. Han spela midtspiss for Cagliari i fjorten sesongar frå 1962 og vart seriemeister med klubben i 1970. Mellom 1965 og -74 spela Riva 42 landskampar for Italia. I 1968 vart han europameister og i 1970 fekk han VM-sølv med Italias landslag. Han skåra 35 mål på landslaget, noko som gjer han til den mestskårande spelaren for Italia gjennom alle tider.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Riva debuterte som profesjonell fotballspelar i 1962 for Serie C-klubben AC Legnano. Sesongen etter gjekk han til Cagliari Calcio og vart der verande til han la opp. Han debuterte i Serie A for nyopprykka Cagliari den 13. september 1964. Riva vart toppskårar i Serie A tre gongar med Cagliari; 1967, 1969 og 1970. I den sistnemnde sesongen var han med sine 21 nettkjenningar sentral då Cagliari vann sin hittil einaste Serie A-tittel.

Hausten 1970 braut Riva venstrefoten, hans beste skotbein. Han klarte å kome tilbake i godt slag, men frå 1974 sleit han med å få plass på fyrstelaget. År 1976 fekk han ein stygg skade. Han prøvde å kome tilbake, men la opp for godt i 1978. Han spela 374 obligatoriske kampar for Cagliari og skåra 207 mål.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Landslagsdebuten fekk Riva 27. juni 1965 mot Ungarn. Våren 1966 braut Riva høgrefoten og var såleis uaktuell for VM 1966 i England. Han var med derimot på laget som vann EM i fotball 1968, der han skåra det fyrste målet i den andre finalekampen som enda med 2-0 over Jugoslavia. To år seinare fekk han VM-sølv då Brasil slo Italia 4-1 i VM-finalen. 30. mars 1973 skåra Riva fire mål då Italia feia Luxembourg av bana i Genova med 5-0. Riva spela sin 42. og siste landskamp under VM 1974 i Tyskland. Han skåra heile 35 mål, to mål meir enn Giuseppe Meazza, den legendariske mellomkrigsspelaren som har nest flest landslagsmål for Italia.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull 1968 for Italia
  • VM-sølv 1970 for Italia
  • Italiensk seriemeister 1970 med Cagliari

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Luigi RivaFIFA si offisielle heimeside