Luino
Luino | ||
---|---|---|
Luino og Germignaga sett frå Forcorapasset. | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Provins |
![]() Lombardia Varese | |
Borgarmeister | Gianercole Mentasti | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
20,95 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
14 179 709/km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 202 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 21016 | |
Telefon-retningsnummer | 0332 | |
Nettstad: www.comune.luino.it |
Luino er ein liten by nær grensa mot Sveits på den austlege bredda av Lago Maggiore i Provinsen Varese i Lombardia i Nord-Italia. I 2005 var innbyggjartalet 14 179.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Luino er velkjend for marknaden sin, som vert halde kvar onsdag. Nokre seier at markenaden er den største i Europa. Rundt byen er det også eit imponerande landskap, og Luino er dimed ein populær turistdestinasjon, særleg blant turistar frå Sveits, Tyskland og Nederland.
Jernbanestasjonen i byen er også historisk viktig sidan han står på bana som eingong var den einaste ruta mot St. Gotthard-tunnelen. Både italienske og sveitsiske statsbaner bruker stasjonen i dag.
Økonomi[endre | endre wikiteksten]
Før slutten av 1800-talet hadde Luino vorte ein industriby. Tekstilindustrien var særleg sterk her på grunn av dei mange vassdraga som ein kunne bruke for å produsere kraft til maskineriet. Sveitsiske industrimenn grunnla mange av tekstilfabrikkane i området. Selv om nokre teikn på dette tidlegare næringslivet finst enno i gate- og villanamn i Luino og andre byar i området (f.eks. Villa Hussy i Luino og via Stehli i nabokommunen Germignaga), aktiviteten i sektoren har no minka monaleg.
Eit fenomen som er veldig utbreidd her er grensearbeidet, dvs. folk som bur i distriket og reiser til arbeidet i Sveits kvar dag (på italiensk heiter desse arbeidarane frontalieri). På denne måten har Luino og nabokommunane vorte sovebyar til ein viss grad.
Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]
Folk frå Luino har bidrege mykje til italiensk 1900-talslitteratur. Både forfattaren Piero Chiara og diktaren Vittorio Sereni vart fødde her.
Som unge budde skodespelforfattaren og mottakaren av Nobelprisen i litteratur i 1997 Dario Fo her og i Porto Valtravaglia, som ligg nokre kilometer sør for Luino.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Luino» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2007.