Luis Fernández

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luis Fernández
Personleg informasjon
Fullt namn Luis Miguel Fernández Toledo
Fødselsdato 2. oktober 1959 (64 år)
Fødestad Tarifa i Spania
Høgd 181 cm
Posisjon Defensiv midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1978—1986 PSG  225 (30)
1986—1989 RCF Paris 59 (2)
1989—1993 Cannes 93 (5)
Totalt 377 (38)
Landslag
1982–1992 Frankrike 60 (9)
Trenar for
1992–1994 Cannes
1994–1996 PSG
1996–2000 Athletic Bilbao
2000–2003 PSG
2003–2004 Espanyol
2005 Al-Rayyan
2006–2007 Real Betis
2008–2009 Stade Reims
2010–2011 Israel
2015–2016 Guinea
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Luis Miguel Fernández Toledo (fødd 2. oktober 1959) er ein fransk tidlegare fotballspelar og -trenar, fødd i Tarifa i Spania. Han vart europameister med Frankrike i 1984 og fekk VM-bronse i 1986.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Fernández spelte på Paris Saint-Germain frå 1978 til -86. Gjennom desse åtte sesongane var han med å føre til laget til to triumfar i den franske cupen; 1982 og 1983. Også i 1985 tok PSG seg til nasjonal cupfinale, måtte då tole tap. Fernández avslutta sine år som aktiv i PSG med å vinne seriegull våren 1986. Der etter spelte han tre sesongar i Racing Paris, utan at den rike klubben oppnådde suksess. Frå 1989 til -93 opptredde han i drakta til Cannes, eit lag som han rykte ned med i 1992 og opp att i toppdivisjonen i 1993.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Fernández hadde den defensive rolla då han gjennom 1980-talet var ein spelarane i det franske landslaget sin magiske midtbanekvartett, dei andre var Michel Platini, Alain Giresse og Jean Tigana. Fernández debuterte på Frankrikes landslag i november 1982 og var med å vinne fotball-EM 1984 på heimebane. To år seinare vart det bronse på Frankrike og Fernández ved VM 1986 i Mexico. I 1987/88 var han landslagskaptein i fem kampar, mellom anna då Frankrike og Noreg spelte 1-1 i Paris, der norske Tom Sundby utlikna få minuttar før slutt. Fernández spelte sin 60. og siste landskamp då Frankrike tapte kvartfinalen mot Danmark under EM i fotball 1992. Han skåra seks landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1984 med Frankrike
  • VM-bronse: 1986 med Frankrike
  • Fransk cupmeister: 1982 og 1982 med PSG
  • Fransk seriemeister: 1986 med PSG

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1993 har Fernandez ofte arbeidd som trenar. Størst suksess hadde han med Paris Saint-Germain som i 1995 vann den nasjonale cupmeisterskapen og i 1996 sigra i Cupvinnarcupen med finalesiger 1-0 over Rapid Wien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]