Luis Roberto Alves
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Luis Roberto Alves dos Santos Gavranić | ||
| Kallenamn | Zague | ||
| Fødd | 23. mai 1967 (59 år) | ||
| Fødestad | Mexico by i Mexico | ||
| Høgd | 193 cm | ||
| Posisjon | Angrep | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 1985–1996 1996–1997 1997–1998 1998–1999 2000–2003 2003 |
América Atlante América Atlante Necaxa América |
400 (162) 30 (17) 35 (6) 42 (7) 104 (23) 1 (0) | |
| Totalt | 612 (214) | ||
| Landslag | |||
| 1988–2002 | Mexico | 84 (30) | |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Luis Roberto Alves dos Santos Gavranić (fødd 23. mai 1967 i Mexico by) betre kjend som Zague var ein meksikansk pensjonert fotballspelar som spelte i angrep. Zague hadde heile sin karriere i heimlandet, der han hovudsakeleg spelte for Club América i heimstaden Mexico by. Her spelte han i 13 sesongar, og var med om å vinne tre meksikanske meisterskap og tre utgåver av CONCACAF Champions League.
Zague nådde i ein periode på 14 år å spele 84 landskampar for det meksikanske landslaget og skåra 30 mål. Hans fyrste landskamp var eit oppgjer mot Uruguay den 1. februar 1988, medan hans siste opptreden i landslagstrøya fant stad den 14. november 2001 i ein privatlandskamp på bortebane mot Spania. Han var òg med om å vinne det nordamerikanske meisterskapen CONCACAF Gold Cup i 1993 og bronse under Confederations Cup i 1995.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på Luis Roberto Alves frå Wikipedia på dansk, den 21. april 2020.
- National-football-teams