Luis Subercaseaux
Luis Subercaseaux | |
Statsborgarskap | Chile |
Fødd | 10. mai 1882 Santiago |
Død | |
Idrett | friidrett, fotball |
Tok del i |
Luis Subercaseaux Errázuriz (1882–1973) var ein chilensk diplomat og friidrettsutøvar. Det vert sagt at han var den fyrste chilenaren og latinamerikanaren som deltok under Dei olympiske leikane.
Subercaseaux var den andre sonen til Ramón Subercaseaux Vicuña og Amalia Errázuriz Urmeneta og bror til den romersk-katolske erkebiskopen Juan Subercaseaux.
Sommar-OL 1896[endre | endre wikiteksten]
Ifylgje Den chilenske olympiske komitéen deltok Subercaseaux under sommar-OL 1896 i ein alder av 15 på 100, 400 og 800 meter, men mange historikarar meiner at han ikkje deltok i alle øvingane.
Etter OL[endre | endre wikiteksten]
Subercaseaux studerte ved Colegio Benedictino som ligg i Pays basque français i Frankrike, der han heldt sin rekord i høgdehopp. Han var òg ein av grunnleggjarane av den chilenske fotballklubben Club de Deportes Santiago Morning og ein vellukka fotballspelar.
I 1928 var han ambassadøren til Chile i Peru, Spania og Vatikanstaten, i tillegg til å vere ein ledsager av chilenske forretningar i Belgia, Tsjekkoslovakia, Hellas, Nederland, Noreg, Polen og Jugoslavia frå konsulære kontor i den britiske hovudstaden London.
Eit monument av Subercaseaux står i inngangen til Chilean Olympic Museum.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Luis Subercaseaux frå Engelsk Wikipedia .
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- De la Cuadra Gormaz, Guillermo (1982). Familias Chilenas: Origen y Desarrollo de las Familias Chilenas (på Spanish). Santiago: Zamorano y Caperán.
- Comité Olímpico de Chile. «La Presencia de Chile en los Juegos Olimpicos» (på Spanish). Arkivert frå originalen 20 December 2006. Henta 28 December 2006.
- Mallon, Bill; & Widlund, Ture (1998). The 1896 Olympic Games. Results for All Competitors in All Events, with Commentary. Jefferson: McFarland. ISBN 0-7864-0379-9. Excerpt available at [http://www.la84foundation.org/6oic/OfficialReports/Mallon/1896.pdf HT-ref (i-xvi)
- aboutolympics.co.uk. «1896 Athens Olympics». Henta 21 February 2011. Den ukjende parameteren
|cite=
vart ignorert (hjelp) - Olympic Games Museum (2011). «Participating Countries - Olympic Games Athens 1896». Henta 22 May 2011.
- Radio Cooperativa (5 August 2004). «Los chilenos que llegaron al Olimpo» (på Spanish). Henta 25 September 2009. Den ukjende parameteren
|cite=
vart ignorert (hjelp)