Luis de Milán

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Luis de Milán
Føddca. 1500
FødestadValencia i Spania
Dødca. 1561
DødsstadValencia i Spania
OpphavSpania
SjangerRenessansemusikk, kammermusikk
Instrumentvihuela
Verka somKomponist og diktar

Luis dei Milán (født rundt 1500, død rundt 1561), òg kjent som Lluís del Milà, Lluís Milà, Luys Milán, Luis Milán eller Luys dei Milán var ein spansk musikkteoretikar, renessansekomponist og vihuelist (eit gitarliknande instrument).

Orfevs spelar vihuela. Omslagsillustrasjon frå El Maestro

Liv[endre | endre wikiteksten]

Milán var den første komponisten som publiserte musikk for vihuela dei mano, eit instrument som hovudsakleg var i bruk på Pyrenéhalvøya og i nokre italienske statar på 1400- og 1500-talet. Han var òg den første musikaren som gav tekstlege tempoopplysingar i musikken sin, til dømes «ni muy apriessa ni muy a espacio sino con un compás bien mesurado», dvs. 'ikkje for hurtig eller for langsamt, men i ein moderat takt'.

Han levde visstnok heile livet sitt i Valencia. Rundt 1538 verker det som han var verksam ved hoffet til hertugen. I 1535 gav han ut den første boka si, El juego dei mandar, om eit musikalsk selskapsspel. Året etter publiserte han den viktigaste boka si, Libro dei música dei vihuela dei mano intitulado El maestro, tileigna kong Johan III av Portugal. Denne tileigninga, og seks villancicoar med portugisisk tekst, gjer det rimeleg å tru at han reiste i Portugal og var ei god stund der. Det finst ein anekdote om at han reiste til Portugal som følgje av ein duell og at kong Johan adla han under opphaldet.

Verk[endre | endre wikiteksten]

'El maestro' er den første musikksamlinga i historia for vihuela og var truleg skriven for aspirerande vihuelister. Musikken er ordna frå enkel til komplisert slik at ein nybyrjar kunne utvikle seg frå stykke til stykke. Samlinga inneheld meir enn førti fantasiar, seks pavanar, tolv villancicoar, såvel som sonetos og andre stykke. Nokre stykke er for vihuela solo, andre for song med vihuela-akkompagnement. Mange stykke krev ein virtuos utøvar sjølv om forsiringar ikkje er detaljert gjevne. Komposisjonsstilen varierer frå enkel homofoni til polyfoni og virtuose passasjar.

Den siste publikasjonen hans, El cortesano (1561) gjev eit livleg og underhaldande bilete av livet ved hoffet til hertugen i Valencia. Sjølv om det ikkje inneheld musikk gjev verket ei verdifull forteljing om ein av dei profesjonelle musikarane på denne tida.

Musikken til Luis Milán vert mykje spelt av dagens klassiske gitarister då han lett kan tilpassast gitaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]