Luiz Inácio Lula da Silva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Luiz Inácio Lula da Silva

Luiz Inácio Lula da Silva, fødd Luiz Inácio da Silva, kallenamn Lula (fødd 27. oktober 1945) er ein brasiliansk politikar og president i Brasil sidan 1. januar 2003. Han er medlem i Arbeidarpartiet (Partido dos Trabalhadores).

Lula vart fødd i Caetés i delstaten Pernambuco. Frå 1952 budde han i São Paulo. Han var det sjuande av åtte born, og kom frå fattige kår. Frå han var 12 år gamal måtte han ta diverse arbeid. Han vart etter kvart faglærd metallarbeidar. Frå 1969 var han med i fagforeiningsarbeid. I 1980 var han med å grunnleggja Arbeidarpartiet (Partido dos Trabalhadores). I 1986 vart han vald inn i den brasilianske nasjonalforsamlinga, Congresso Nacional.

I 1989 stilte han for første gong som kandidat ved presidentvalet, og stilte sidan som kandidat ved kvart presidentval. Før presidentvalet i 2002 tona han ned arbeidarimaget sitt og noko av den radikale politikken sin. Mellom anna gjekk han bort frå kravet om at Brasil skulle slutta å betala utanlandsgjelda si. Han vart vald til president ved valet den 6. og 27. oktober 2002 med 46,4 % av røystene i første valomgang og 61,3 % i andre omgang. I 2003 vart da Silva tildelt storkrossen av St. Olavs Orden. Han vart attvald den 1. og 29. oktober 2006 med 48,6 og 60,8 % av røystene. Presidentperioden hans går ut den 1. januar 2011, og han kan ikkje stilla til val ein tredje gong.

Han gifta seg i 1974 med Marisa Letícia og har fem born.